Gå til forsiden

Jesaja

28

Storm over leiarane i Samaria

1 Ve den prektige kransen,

Efraims herlege hovudpryd,

ein visnande blome.

Efraims fruktbare landskap

er krona av fulle menn

utslegne av vin.

2 Sjå, Herren har ein som er sterk og mektig

som ei haglskur og ein herjande storm,

som ei kraftig regnskur med vatn som fløymer.

Med handa slår han den prektige kransen til jorda,

3 Efraims fulle menn skal trakkast under fot.

4 Den visnande blomen, hans herlege hovudpryd

på toppen av den grøderike dalsida,

skal bli som ein forsommarfiken:

Ikkje før har nokon sett han og fått han i handa,

så er han slukt.


5 Den dagen skal Herren over hærskarane

bli ein fager krans og ei strålande krone

for den resten som er att av hans folk.

6 Han skal gje rettens ånd til den som sit til doms,

og styrke til dei som slår åtak tilbake frå porten.

Domsord mot prest og profet

7 Også desse sjanglar av vin,

ravar av sterk drikk:

prest og profet sjanglar av drikk,

er fortumla av vin,

ravar av drikk,

sjanglar når dei har syn,

vaklar når dei dømmer.

8 For alle bord er fulle av spy og skit.

Ikkje ein rein flekk!

9 Kven vil han gje kunnskap?

Og kven vil han forklara sin bodskap?

Dei som er avvande frå mjølk,

dei som er tekne frå brysta?

10 «Sav lasav, sav lasav,

kav lakav, kav lakav,

litt her, litt der!»

11 For med stammande lepper

og på framandt tungemål

skal han tala til dette folket,

12 han som sa til dei:

«Her er kvila, lat den trøytte få kvila,

her er ro.»

Men dei ville ikkje høyra.

13 Så skal Herrens ord til dei bli:

«Sav lasav, sav lasav,

kav lakav, kav lakav,

litt her, litt der!»

– så dei skal snubla når dei går,

falla bakover og skamslå seg,

gå i snara og bli fanga.

Hjørnesteinen på Sion

14 Difor, høyr Herrens ord, de spottarar

som herskar over dette folket i Jerusalem!

15 For de seier:

«Vi har gjort pakt med døden

og gjort avtale med dødsriket.

Når flaumen kjem fløymande,

skal han ikkje nå oss.

For vi har gjort løgn til vårt ly

og gøymt oss bak svik.»


16 Difor, så seier Herren Gud:

Sjå, eg legg ein grunnstein på Sion,

ein stein som er utprøvd,

ein kostesam hjørnestein,

eit sikkert fundament.

Den som trur, har inga hast.

Underleg er Herrens gjerning

17 Eg vil gjera rett til målesnor,

rettferd til vektlodd.

Hagl skal sopa bort lyet av løgn,

vatn skal fløyma over gøymestaden.

18 Pakta med døden skal opphevast,

avtalen med dødsriket

skal ikkje stå ved lag.

Når flaumen kjem fløymande,

skal de trakkast ned.

19 Kvar gong han kjem,

skal han ta dykk.

For han kjem, morgon etter morgon,

dag og natt.

Den som skjønar bodskapen, må skjelva.

20 Senga er for kort til å strekkja seg i

og teppet for lite til å dekkja seg med.

21 For Herren skal reisa seg

som på Perasim-fjellet

og rasa som i dalen ved Gibeon.

Han skal gjera si gjerning,

ei underleg gjerning.

Han skal utføra sitt verk,

eit framandt verk.

22 Og no, hald opp med å spotta

så lenkjene ikkje blir stramma!

For frå Herren, allhærs Gud, har eg høyrt

at utsletting er fastsett for heile jorda.

Gud er stor i visdom

23 Vend øyret til og høyr på meg,

lytt og høyr kva eg seier!

24 Når bonden vil så,

held han då på heile tida

med å pløya, snu og harva si jord?

25 Når han har jamna åkeren,

spreier han ikkje då dill og strør ut karve,

sår han ikkje kveite i rader,

bygg på ein høveleg stad

og spelt langs kantane?

26 Hans Gud har vist han den rette måten

og lært han korleis det skal gjerast.

27 For dill blir ikkje treskt med slede,

og karve blir ikkje overkøyrd av vognhjul.

Nei, dill blir banka ut med stav

og karve med kjepp.

28 Blir brødkornet knust?

Nei, ein treskjer det ikkje for alltid.

Ein driv vognhjul og hestar over det,

men lèt dei ikkje knusa kornet.

29 Også dette kjem

frå Herren over hærskarane.

Hans råd er underfulle,

hans visdom er stor.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.