Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Jesaja

30

Egypt kan ikkje gje vern

1 Ve dei trassige borna!

seier Herren.

Dei gjennomfører planar som ikkje er frå meg,

og sluttar forbund som ikkje er i mi ånd.

Slik legg dei synd til synd.

2 Dei dreg ned til Egypt

for å søkja vern hos farao

og finna livd i skuggen av Egypt,

men dei spør ikkje meg om råd.

3 Men faraos vern skal bli til skam for dykk,

livd i skuggen av Egypt skal bli til vanære.

4 For stormennene er i Soan,

og sendemennene har nådd fram til Hanes,

5 men dei blir alle til skamme

hos eit folk som ikkje kan hjelpa dei,

som korkje er til hjelp eller nytte,

men berre til skam og vanære.


6 Bodskap om dyra i Negev.


Gjennom eit land med naud og trengsle,

løver og løvinner,

hoggorm og flygande serafslangar

fører dei sin rikdom på eselrygg,

sine skattar på kamelpuklar

til eit folk som ikkje kan hjelpa.

7 Egypt er forgjengeleg,

hjelpa er fåfengd.

Difor kallar eg landet

«Rahab gjord roleg».


8 Gå no og skriv dette

på ei tavle for dei,

skriv det inn i ein bokrull

så det for komande dagar

kan vera eit vitnemål

til evig tid.

Urett fører til fall

9 For dette er eit trassig folk,

born som lyg,

born som ikkje vil lyda Herrens lov.

10 Dei seier til sjåarane: «Ikkje sjå!»

og til profetane: «Ikkje kom til oss

med syn om det som er rett!

Sei oss glatte ord,

kom til oss med illusjonar.

11 Vik av frå vegen, bøy av frå stigen,

lat oss vera i fred for Israels Heilage.»


12 Difor seier Israels Heilage:

De forkasta dette ordet,

sette lit til vald og svik

og støtta dykk til slikt.

13 Difor blir dykkar skuld

lik ein sprekk som utvidar seg i ein høg mur,

til muren brått, på ein augneblink,

fell saman og blir knust.

14 Han blir knust

slik eit leirkar blir slege sund

og ikkje teke vare på.

Blant bitane finst det ikkje eitt skar

som kan brukast til å henta glør frå eldstaden

eller til å ausa vatn frå brønnen.

I stille og tillit

15 For så seier Herren Gud, Israels Heilage:

«Vender de om

og held dykk i ro,

skal de bli frelste.

I stille og tillit skal dykkar styrke vera.»

Men de ville ikkje.

16 De sa: «Nei, vi rømmer til hest!»

Jammen skal de rømma!

«Vi rid på raske hestar!»

Dei som forfølgjer, er raskare!

17 Tusen skal flykta når éin mann trugar,

for trugsmål frå fem skal de rømma

til det ikkje er anna att av dykk

enn ei stong på ein fjelltopp,

eit banner på ein haug.


18 Og difor lengtar Herren

etter å visa dykk nåde,

difor reiser han seg

for å visa dykk miskunn.

For Herren er rettens Gud.

Sæle er alle som ventar på han!

Dette er vegen

19 Du folk på Sion, du som bur i Jerusalem, gråt ikkje meir! Når du ropar, vil han vera deg nådig. Når han høyrer, vil han svara deg. 20 Herren gjev dykk naudbrød og trengselsvatn. Men læraren din skal ikkje lenger løyna seg. Auga dine skal sjå læraren, 21 og øyra dine skal høyra dette ordet bak deg: «Dette er vegen, gå på den!» når du vil til høgre eller til venstre. 22 Då skal de halda for ureine dei sølvkledde gudebileta du har, og gullplatene på dei støypte bileta. Du skal slengja dei bort som ureine filler. «Skit!» skal du seia.

23 Då skal han gje regn til kornet du sår i åkeren, og brød av grøda som åkeren ber, og det skal vera rikeleg og raust. Den dagen skal buskapen din få beita på vide marker. 24 Oksane og esla som arbeider på åkeren, får eta surt fôr som blir kasta til dei med skyffel og greip. 25 På alle høge fjell og alle store haugar skal det vera bekker og rennande vatn på den store drapsdagen når tårna fell. 26 Månen skal lysa som sola, og sollyset skal bli sju gonger så sterkt, lik lyset for sju dagar, den dagen Herren forbind sitt knuste folk og lækjer såret etter slaga.

Assur fell

27 Sjå, Herrens namn kjem frå det fjerne.

Hans vreide er brennande,

børa hans tung,

leppene fulle av harme,

tunga som fortærande eld.

28 Pusten hans er lik ei fløymande elv

som rekk til halsen.

Han legg eit åk av løgn på folkeslaga,

eit beksel som fører vill, i munnen på folka.


29 Då skal det vera song hos dykk

som i ei natt då ein helgar seg til fest,

og hjartet skal gleda seg

lik ein som kjem med fløytespel

til Herrens fjell, til Israels berg.

30  Herren lèt si veldige røyst lyda

og viser sin arm som slår

med brennande vreide og fortærande eld,

med storm og styrtregn og haglsteinar.


31 Ja, Assur blir teken av redsle

for Herrens røyst

når han slår med staven.

32 Og til kvar omgang Herren gjev

når han svingar sin straffande stokk over han,

er det spel av tromme og lyre.

I striden svingar han armen sin

og fører kampen mot han.

33 Ja, ein eldstad er alt laga til,

og han er tiltenkt kongen.

Bålet er gjort høgt og vidt

med eld og ved i mengd.

Og som ein svovelstraum skal Herrens pust

setja det i brann.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.