Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Jesaja

31

Guds makt og menneskemakt

1 Ve dei som dreg ned til Egypt etter hjelp!

Dei støttar seg til hestar,

dei stolar på vogner fordi dei er mange,

og på ryttarar fordi dei er talrike.

Men dei vender seg ikkje til Israels Heilage,

dei søkjer ikkje Herren.

2 Men han òg er vis.

Han lèt ulukka koma,

sine ord tek han ikkje attende.

Han reiser seg mot huset til dei vonde

og mot ugjerningsmenn

som kjem til hjelp.

3 Egyptarane er menneske, ikkje gudar,

hestane er kjøt, ikkje ånd.

Herren strekkjer ut handa.

Då snublar den som hjelper,

då fell den hjelpte,

dei skal gå til grunne alle saman.


4 For så har Herren sagt til meg:

Slik løva og ungløva

knurrar over sitt bytte

og ikkje blir skremde av rop

eller dukkar seg for ståk

når ein stor flokk gjetarar

samlar seg mot dei,

slik skal Herren over hærskarane

stiga ned og strida

mot Sions fjell og høgd.


5 Lik flygande fuglar

skal Herren over hærskarane

forsvara Jerusalem,

forsvara og berga,

gå forbi og fria ut.

6 Vend om til han

som israelittane har falle frå

så djupt!

7 Den dagen skal alle forkasta

avgudane i sølv

og avgudane i gull

som hendene dykkar har laga

til synd.


8 Assur skal falla, men ikkje for sverdet til ein mann,

han skal fellast, men ikkje av menneskesverd.

Han skal flykta for sverdet,

hans unge menn

må gjera tvangsarbeid.

9 Hans berg skal dra bort i redsle,

hans fyrstar skremmast bort frå banneret,

seier Herren,

han som har ein eld i Sion

og ein omn i Jerusalem.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.