Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Jesaja

33

Jerusalems naud og frelse

1 Ve deg som herjar,

men ikkje sjølv er herja,

ve deg som svik

utan å vera sviken!

Når du har herja frå deg,

skal du herjast,

når du har svike ferdig,

skal dei svika deg.


2 Ver oss nådig, Herre,

til deg set vi vår von!

Ver vår styrke morgon etter morgon,

vår frelse når vi er i naud!

3 For den veldige larmen flyktar folka,

når du reiser deg, blir folkeslag spreidde.

4 Dei sankar bytte hos dykk

som gnagande grashopper,

dei stormar fram i sverm.

5 Opphøgd er Herren, han bur i det høge.

Han fyller Sion med rett og rettferd.

6 Då skal trygge tider koma til deg,

rikdom av frelse, visdom og kunnskap,

frykt for Herren, det er hans skatt.


7 Sjå, folket i Ariel klagar på gata,

dei som tinga om fred, græt bittert.

8 Vegane ligg aude,

ingen ferdast meir på stigane.

Pakta blir broten, vitne forakta,

eit menneske blir ikkje rekna for noko.

9 Landet sørgjer og tørkar ut,

Libanon visnar av skam,

Saron er som ei øydemark,

Basan og Karmel mistar lauvet.


10 No vil eg reisa meg, seier Herren,

no vil eg stå opp,

no vil eg stiga fram.

11 De avlar høy

og føder halm,

pusten dykkar er ein eld

som fortærer dykk.

12 Folka blir brende til kalk,

sette fyr på som nedhogge tornekratt.

13 Høyr kva eg vil gjera,

de som er langt borte,

kjenn min styrke,

de som er nær!


14 Syndarane på Sion er slegne av redsle,

angst grip dei ugudelege:

«Kven av oss kan bu ved ein fortærande eld,

kven av oss kan bu ved evige flammar?»

15 «Den som går rettferdig fram,

talar det som er rett,

foraktar forteneste av utpressing,

vinkar stikkpengar bort,

lèt att øyra for rykte om drap

og lèt att auga for det som er vondt,

16 han får bu på høge stader

og får vern av fjellborger,

han får sitt brød og har alltid vatn.»


17 Auga dine skal få sjå

kor vakker kongen er,

dei skal få sjå eit vidstrekt land.

18 I redsle skal hjartet ditt tenkja:

Kvar er han som talde?

Kvar er han som vog?

Kvar er han som talde tårna?

19 Du kan ikkje sjå det frekke folket,

folket med eit vanskeleg språk

som ingen skjønar,

med stammande tunge

som ingen forstår.


20 Sjå på Sion,

vår høgtidsby!

Auga dine skal sjå Jerusalem,

ein trygg buplass,

eit telt som ikkje skal flyttast,

med pluggar som aldri skal rykkjast opp,

og snorer som ikkje skal slitast av.

21 For der er Herren, den mektige, med oss,

ein stad med breie elvar og straumar.

Men der skal ingen båt bli rodd

og inga mektig skute segla.

22 For Herren er vår dommar,

Herren er vår lovgjevar,

Herren er vår konge,

han skal frelsa oss.

23 Taua dine er slakke,

dei held ikkje stonga på plass

og faldar ikkje ut banneret.

Stort er det byttet som då blir fordelt,

sjølv lamme ranar og røvar.

24 Ingen innbyggjar skal seia: «Eg er sjuk.»

Folket som bur der, har fått syndene sine tilgjevne.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.