Gi hjerteStøtt nettbibelen
Gå til forsiden

Jesaja

37

Herren bergar Jerusalem

1 Då kong Hiskia høyrde det, reiv han sund kleda sine, kledde seg i sekkestrie og gjekk inn i Herrens hus. 2 Så sende han borgherren Eljakim, riksskrivaren Sjebna og dei eldste av prestane, kledde i sekkestrie, til profeten Jesaja, son til Amos. 3 Dei sa til han: «Så seier Hiskia: Dette er ein dag med trengsle, straff og vanære. For borna er komne til livmormunnen, men det finst ikkje kraft til å føda. 4 Kanskje Herren din Gud har høyrt dei orda kommandanten har sagt, han som er send av herren sin, assyrarkongen, for å håna den levande Gud. Kanskje Herren din Gud vil straffa han for orda han har høyrt. Så send då opp ei bøn for den resten som enno er att!»

5 Då mennene til kong Hiskia kom til Jesaja, 6 sa han til dei: «Sei til herren dykkar: Så seier Herren: Ver ikkje redd for orda du har høyrt, dei hånsorda som mennene til assyrarkongen har tala mot meg. 7 No skal eg gje han ein tanke. Han skal høyra eit rykte og venda attende til sitt eige land; og der vil eg la han falla for sverd.»

8 Då kommandanten fekk høyra at assyrarkongen hadde brote opp frå Lakisj, drog han bort og fann kongen i kamp mot Libna. 9 Kongen fekk no meldinga om at Tirhaka, kongen i Kusj, hadde teke ut for å kjempa mot han. Då han høyrde det, sende han bod til Hiskia og sa: 10 «Så skal de seia til Juda-kongen Hiskia: Lat deg ikkje lura av din Gud som du stolar på, når han seier: Jerusalem skal ikkje falla i hendene på assyrarkongen. 11 Du har sjølv høyrt kva assyrarkongane har gjort med alle landa dei har slege med bann og øydelagt. Og så skulle du bli berga? 12 Har dei vorte berga av gudane sine, dei folka som fedrane mine gjorde ende på: folka i Gosan, Harran og Resef eller innbyggjarane frå Eden i Telassar? 13 Kvar er no kongane i Hamat og Arpad, kongen i byen Sefarvajim og kongane i Hena og Ivva?»

14 Då Hiskia hadde teke imot og lese brevet som sendemennene hadde med seg, gjekk han opp til Herrens hus og breidde det ut for Herrens andlet. 15 Hiskia bad til Herren og sa: 16 « Herre over hærskarane, Israels Gud, du som tronar over kjerubane. Du åleine er Gud over alle kongerike på jorda, du som skapte himmelen og jorda. 17  Herre, vend øyret til og høyr! Herre, lat opp auga og sjå! Høyr dei orda som Sanherib har sendt for å håna den levande Gud. 18  Herre, det er sant at kongane av Assur har lagt alle land øyde 19 og kasta gudane deira på elden. Men dei er ikkje gudar, berre verk av menneskehender, laga av tre og stein. Dei har dei øydelagt. 20 Men du, Herre, vår Gud, frels oss no frå handa hans, så alle kongerike på jorda kan skjøna at du, berre du, er Herren

21 Då sende Jesaja, son til Amos, dette bodet til Hiskia: Så seier Herren, Israels Gud, om den bøna du bad til meg om Sanherib, kongen av Assur. 22 Dette er det ordet Herren talar mot han:


Jomfrua håner deg,

dotter Sion spottar deg;

dotter Jerusalem rister på hovudet.

23 Kven er det du krenkjer og vanærar?

Kven ropar du opp imot?

Høgt lyfter du auga

mot Israels Heilage.


24 Du lét dine tenarar spotta Herren

og sa: «Med mine mange vogner

drog eg opp til dei høgaste fjella,

til Libanons fjernaste trakter.

Der hogg eg ned høgvaksne sedertre

og dei finaste sypressar.

Eg nådde den høgaste toppen

der skogen stod tjukkast.

25 Eg grov og drakk

av framandt vatn.

Med fotsolane tørka eg ut

alle elvane i Egypt.»


26 Har du ikkje høyrt det?

Eg gjorde det for lenge sidan,

eg forma det i eldgammal tid,

og no lèt eg det skje.

Så kunne du øydeleggja festningsbyar

og gjera dei til ruinhaugar.

27 Dei som budde der,

stod med kraftlause hender,

fylte av skrekk og skam.

Dei vart som graset på marka,

grøne vekstar og graset på tak,

som svid av før det veks til.

28 Om du sit, kjem eller går,

veit eg det

– og om du rasar mot meg.

29 Men fordi du rasar mot meg

og ditt overmot har nådd øyra mine,

set eg ring i nasen din

og legg beksel i munnen.

Så fører eg deg tilbake

den vegen du kom.


30 Dette skal du ha til teikn:

Første året skal de eta korn som veks av seg sjølv,

andre året kornet som veks av det att,

men tredje året skal de så og hausta,

planta vinmarker og eta frukta!

31 Den rest av Judas hus som blir berga,

skyt på nytt djupe røter,

greinene ber frukt.

32 For frå Jerusalem kjem ein rest,

frå Sion-fjellet ein flokk som er berga.

Herren over hærskarane skal gjera dette

i sin brennande iver.


33 Difor seier Herren om assyrarkongen:

Han skal ikkje koma inn i denne byen

og ikkje skyta ei pil dit inn.

Han skal ikkje gå imot han med skjold

og ikkje reisa opp ein voll imot han.

34 Den vegen han kom, skal han venda attende;

i denne byen skal han ikkje koma inn,

seier Herren.

35 Eg vil verna denne byen

og berga han

for mi eiga skuld

og for min tenar Davids skuld.


36 Så gjekk Herrens engel ut og slo i hel eitt hundre og åttifem tusen mann i assyrarleiren. Då folk stod opp om morgonen, fekk dei sjå alle dei døde kroppane som låg der. 37 Då braut assyrarkongen Sanherib opp og drog heim att. Og sidan heldt han seg i ro i Ninive.

38 Ein gong medan han bøygde seg og bad i tempelet til Nisrok, guden sin, hogg sønene hans, Adrammelek og Sareser, han ned med sverd. Dei flykta til Ararat-landet. Og Asar-Haddon, son til Sanherib, vart konge etter han.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.