Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Jesaja

39

Sendeboda frå kongen av Babel

1 På den tid sende Babel-kongen Merodak Baladan, son til Baladan, brev og gåver til Hiskia. For han hadde høyrt at han hadde vore sjuk, men no hadde vorte frisk att. 2 Hiskia vart glad då sendeboda kom. Han viste dei huset der han hadde skattane sine, sølvet og gullet, parfymen og den finaste oljen, våpenhuset og alt som fanst i skattkammera hans. Det var ikkje den ting i heile hans slott og rike som Hiskia ikkje viste dei.

3 Då kom profeten Jesaja til kong Hiskia og spurde han: «Kva sa desse mennene, og kvar kom dei frå?» «Dei kom til meg frå eit land langt borte», svara Hiskia, «frå Babel.» 4 «Kva fekk dei sjå i slottet ditt?» spurde profeten. Hiskia svara: «Alt det som finst i slottet, fekk dei sjå. Det var ikkje den ting i skattkammera mine som eg ikkje viste dei.»

5 Då sa Jesaja til Hiskia: «Høyr ordet frå Herren over hærskarane: 6 Sjå, dagar skal koma då alt det som er i slottet ditt, det som fedrane dine har samla til denne dag, skal førast bort til Babel. Ingen ting skal bli att, seier Herren. 7 Dei skal ta nokre av sønene dine, av dei som stammar frå deg, og som du er opphav til, og gjera dei til hoffmenn i slottet til kongen av Babel.» 8 Då sa Hiskia til Jesaja: «Godt er det ordet frå Herren som du har tala.» Men han sa til seg sjølv: «Freden er nok trygg så lenge eg lever!»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.