Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Jesaja

4 

1 Den dagen skal sju kvinner

gripa tak i same mann og seia:

«Brød og klede skal vi skaffa oss sjølve,

berre vi får bera ditt namn.

Ta vår vanære bort!»

Sions framtid

2 Den dagen skal Herrens spire

bli til herlegdom og ære

og frukta i landet til stordom og heider

for dei som slapp unna i Israel.

3 Resten som er på Sion,

og som er att i Jerusalem,

skal kallast heilag,

kvar og ein i Jerusalem som er oppskriven til livet.

4 Herren skal vaska skiten av Sions døtrer

og skylja bort alt blodet frå Jerusalem

med Anden som dømmer,

med Anden som reinsar.

5 Så skal Herren skapa

ei røyksky om dagen

og røyk og lys frå ein flammande eld om natta

over heile Sion-fjellet

og over møtestadene der.

For over all herlegdom skal det vera eit vern,

6 ei lauvhytte som skyggjer for heten om dagen

og gjev livd og skjul mot uvêr og regn.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.