Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Jesaja

47

Spottevise om Babel

1 Stig ned, jomfru,

set deg i støvet, dotter Babel!

Set deg på bakken utan trone,

du kaldear-dotter.

For du skal ikkje lenger kallast

den fine og bortskjemde.

2 Ta handkverna og mal mjøl!

Ta sløret bort, lyft slepet opp,

blott låra, vad over elvar!

3 Dei skal blotta den nakne kroppen din,

di vanære skal bli synleg.

Eg tek hemn og skånar ingen.

4 Han som løyser oss ut,

Herren over hærskarane er hans namn,

Israels heilage.


5 Sit i stille,

gå inn i mørkret,

du kaldear-dotter!

For du skal ikkje lenger kallast

dronning over kongerike.

6 Eg vart harm på mitt folk

og vanæra eigedomen min.

Eg overgav dei i dine hender.

Du hadde ikkje miskunn med dei.

På den gamle la du ditt tunge åk.

7 Du sa: «For all tid skal eg vera evig dronning.»

Du tenkte ikkje over

korleis dette skulle enda.


8 Og no, høyr dette,

du som lever i overflod,

som sit så trygg,

som seier i hjartet ditt:

«Eg og ingen annan!

Eg skal ikkje sitja som enkje

eller mista born.»

9 Men begge delar skal koma over deg,

brått, på ein einaste dag.

Barnløyse og enkjestand

skal koma over deg i fullt mål

trass i dei mange trolldomskunstene dine

og den kraftige maninga di.

10 Du var trygg i vondskapen din.

Du sa: «Ingen ser meg.»

Din visdom og kunnskap førte deg vill,

så du sa i hjartet:

«Eg og ingen annan!»

11 Det vonde skal koma over deg,

det kan du ikkje trylla bort.

Ulukke skal falla over deg,

du kan ikkje sona deg frå henne.

Brått kjem øydelegginga over deg,

du veit ikkje om henne.

12 Kom no med di maning

og alle trolldomskunstene dine

som du har slite med frå du var ung.

Kanskje kan du få hjelp,

kanskje kan du skremma ulukka bort?


13 Du er trøytt av mange slags råd.

No får dei koma og frelsa deg,

dei som deler inn himmelen,

granskar stjernene

og månad for månad varslar

kva som skal henda deg.

14 Sjå, dei blir som halm,

elden brenner dei opp.

Dei kan ikkje berga livet

frå logane.

Dette er ikkje glør til å verma seg ved,

bål til å sitja framføre!

15 Slik går det med trollmennene

som du har slite for

frå du var ung.

Dei vinglar kvar til sin kant,

det er ingen som frelser deg.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.