Gå til forsiden

Jesaja

48

Eg forkynner noko nytt

1 Høyr dette, Jakobs hus,

de som blir kalla med Israels namn

og er komne frå Judas kjelde,

de som sver ved Herrens namn

og kallar på Israels Gud,

men ikkje i sanning og rettferd!

2 Dei kallar seg etter den heilage byen

og støttar seg til Israels Gud.

Herren over hærskarane er hans namn.

3 Dei første ting har eg fortalt frå før.

Frå min munn gjekk det ut, eg forkynte det.

Brått handla eg, og det hende.

4 For eg veit at du er hard,

med sener av jern i nakken

og panne av bronse.

5 Difor har eg fortalt det frå før,

late deg få høyra det før det hende,

så du ikkje skulle seia:

«Gudebiletet mitt har gjort det,

biletet eg har skore ut og støypt,

har kravd det.»

6 Du har høyrt det, sjå no alt saman!

Kan ikkje de fortelja det?

Frå no av lèt eg deg få høyra noko nytt,

løynde ting som du ikkje veit om.

7 No blir dei skapte, ikkje før.

Du har ikkje høyrt om dei før i dag,

så du ikkje skulle seia:

«Sjå, eg visste det!»

8 Du korkje høyrde eller visste det frå før,

øyret ditt var ikkje ope for det.


For eg veit kor trulaus du er,

frå du var i mors liv

vart du kalla ein syndar.

9 For mitt namn skuld held eg att harmen min,

for mi ære skuld legg eg band på meg

og utryddar deg ikkje.

10 Sjå, eg har reinsa deg, men ikkje som sølv,

eg har prøvd deg i lidings smelteomn.

11 For mi skuld,

for mi skuld handlar eg,

elles ville eg bli vanæra!

Mi ære gjev eg ikkje til nokon annan.


12 Høyr på meg, Jakob,

du Israel, som eg har kalla!

Eg er Han.

Eg er den første,

eg er òg den siste.

13 Ja, mi hand har grunnlagt jorda,

mi høgre hand har breidd himmelen ut.

Eg kalla dei fram, og saman stod dei der.


14 Kom saman, alle, og høyr!

Kven blant dei har fortalt dette?

Han som Herren elskar,

skal utføra hans vilje med Babel,

hans arm er over kaldearane.

15 Eg, eg har tala og kalla han,

eg har sendt han

og lèt han lukkast på vegen.

16 Kom hit til meg og høyr dette:

Frå opphavs tid har eg aldri tala i det løynde,

heilt frå det hende, var eg der.

«No har Herren Gud

sendt meg og sin Ande.»


17 Så seier Herren,

som løyser deg ut,

Israels Heilage:

Eg er Herren, din Gud,

som lærer deg kva som hjelper,

og fører deg på vegen du skal gå.

18 Ville du berre høyra på mine bod!

Då vart freden din som elva,

rettferda di som havsens bølgjer.

19 Då vart ætta di som sanden,

etterkomarane dine som sandkorn,

dei vart ikkje utrydda

og namnet ikkje utsletta hos meg.

Heim frå Babel

20 Dra ut frå Babel, dra bort frå Kaldea!

Fortel med jubelrop, lat det høyrast,

bring det ut til enden av jorda. Sei:

Herren har løyst ut sin tenar Jakob.

21 Dei tørsta ikkje når han førte dei på aude stader,

vatn frå berget lèt han strøyma fram for dei,

han kløyvde fjellet, og vatnet fløymde ut.


22 Dei urettferdige har ingen fred, seier Herren.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.