Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Jesaja

5

Songen om Herrens vingard

1 Eg vil syngja om min kjære ven,

ein song om min ven og vingarden hans.

Ein vingard hadde min kjære ven,

med den feitaste jord.

2 Han hakka han opp,

og han plukka stein,

og han planta den finaste vin

og bygde eit vakttårn i midten,

også ei vinpresse hogg han ut.

Så venta han seg gode druer,

men beiske druer fekk han.


3 Og no, de som bur i Jerusalem,

og de menneske i Juda:

Døm mellom meg og vingarden min!

4 Kva meir kunne gjerast med vingarden min

enn det eg alt hadde gjort?

Kvifor venta eg meg gode druer

når druene eg fekk, var beiske?


5 No skal eg seia dykk

kva eg vil gjera med vingarden min.

Eg tek bort gjerdet så han blir til beitemark,

eg riv ned muren så han kan trakkast ned.

6 Eg skal gjera han til øydemark.

Han skal ikkje skjerast og tynnast meir,

men torn og tistel skal gro.

Og eg skal nekta skyene

å la regnet falla på han.


7 For vingarden til Herren over hærskarane,

det er Israels hus,

og menneska i Juda

er hans kjæraste hage.

Han venta rett, men sjå, det kom blod,

rettferd, men sjå, det kom skrik!

Verop over dei mektige

8 Ve dei som legg hus til hus

og føyer åker til åker

heilt til det ikkje er plass att

og de er dei einaste

som er busette i landet!

9 I mine øyre lyder det frå Herren over hærskarane:

Sanneleg, mange hus skal bli aude,

store og gode, men utan folk.

10 For ein vingard det tek ti dagar å pløya,

gjev berre ein bat igjen,

og ein homer såkorn gjev ein efa.


11 Ve dei som jagar etter sterk drikk

frå tidleg morgon av,

som sit til seint på kveld

og blir heite av vin.

12 Dei har lyre, harpe, handtromme, fløyte

og vin på festane sine,

men Herrens gjerning merkar dei ikkje,

dei ser ikkje kva hans hender har gjort.


13 Difor skal folket mitt dra i eksil

før dei veit av det,

dei fremste skal svelta i hel

og folkemassen forgå av tørste.

14 Difor opnar dødsriket svelget

og sperrar opp munnen på vidt gap,

og ned fer dei, både dei fornemme og massen,

med sin larm og sin jubel.

15 Og mennesket er bøygd,

kvar mann er fornedra,

dei stolte må slå auga ned.

16 Men Herren over hærskarane

er opphøgd i dommen,

den heilage Gud

viser seg heilag ved rettferd.

17 Lam skal beita som i ei utmark,

og i rikfolks ruinar skal geiter eta.


18 Ve dei som dreg skulda etter seg

med tau av løgn

og sleper på synd som med vognreip

19 og seier:

«No må han skunda seg

å få gjort det han skal,

så vi får sjå det!

No må planen til Israels Heilage

snart gå i oppfylling,

så vi kan kjenna det!»


20 Ve dei som kallar det vonde godt

og det gode vondt,

dei som gjer mørker til lys og lys til mørker,

bittert til søtt og søtt til bittert!


21 Ve dei som er vise i eigne auge

og kloke i eigne tankar!


22 Ve dei som er heltar til å drikka vin

og djerve karar til å blanda sterk drikk,

23 som frikjenner den skuldige for pengar

og tek retten frå den rettferdige!


24 Difor, slik eld fortærer halm

og høy søkk saman i flammane,

skal rota deira rotna bort,

blomen deira stiga opp som støv.

For dei har forkasta lova

til Herren over hærskarane

og forakta ordet frå Israels Heilage.

Herrens vreide

25 Difor flamma Herrens vreide opp mot folket hans.

Han lyfte handa mot det

og slo det så fjella skalv

og lika låg som avfall midt i gatene.

Men med det har harmen hans ikkje lagt seg,

handa er framleis lyft.


26 Han lyfter banneret for eit folk langt borte

og plystrar det hit frå enden av jorda.

Og sjå, der kjem dei, raskt og lett.

27 Det er ingen der som er trøytt eller snublar,

ingen blundar og ingen søv.

Beltet om livet losnar ikkje,

og inga sandalreim slitnar.

28 Pilene er kvesste

og kvar boge spent,

hestehovane er som flint

og vognhjula som ein kvervelvind.

29 Med eit løvebrøl kjem dei,

dei brøler som ei ung løve,

knurrar og grip etter byttet sitt,

ber det bort,

og ingen kan berga det.


30 Den dagen stig eit brøl,

som brølet frå havet.

Ser ein ut over jorda,

er det mørker og naud.

Lyset mørknar av tunge skyer.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.