Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Jesaja

54

Herren tek Israel til nåde att

1 Jubla, du barnlause som ikkje fødde,

bryt ut i jubelrop, du som ikkje fekk rier!

For ho som er forlaten, får fleire born

enn ho som har mann, seier Herren.

2 Lag større plass i teltet ditt,

spenn teltdukane ut, spar ikkje på dei,

gjer snorene lange, slå pluggane fast!

3 For til høgre og venstre skal du breia deg ut.

Di ætt skal driva ut folkeslag

og bu i byar som låg aude.

4 Ver ikkje redd, du skal ikkje bli til skamme.

Lat deg ikkje audmjuka, for du skal ikkje bli vanæra.

For din ungdoms skam skal du gløyma,

din enkjestands vanære skal du ikkje lenger hugsa.

5 For han som laga deg, er din ektemann,

Herren over hærskarane er hans namn.

Han som løyser deg ut, er Israels heilage,

han blir kalla Gud for heile jorda.

6 Forlatne og sorgfulle kvinne,

Herren kallar på deg.

Kan ein forkasta sin ungdoms kvinne?

seier din Gud.

Herrens fredspakt

7 Ein liten augneblink forlét eg deg,

men i mi store miskunn

tek eg deg tilbake.

8 Medan harmen fløymde,

løynde eg andletet for deg ein augneblink,

men med evig godleik vil eg miskunna meg over deg,

seier Herren, som løyser deg ut.


9 For meg er dette som Noah-flaumen.

Slik eg svor at Noah-flaumen

aldri meir skulle koma over jorda,

slik sver eg no at eg aldri meir

skal bli harm på deg og truga deg.

10 For om fjella vik og haugane vaklar,

skal min godleik aldri vika frå deg,

mi fredspakt skal ikkje vakla,

seier Herren, som viser deg miskunn.


11 Du hjelpelause og forblåsne

som ikkje finn trøyst!

Sjå, eg legg ein grunnvoll for deg av edelsteinar

og byggjer grunnmuren din med safirar.

12 Murtindane gjer eg av rubinar,

portane dine av krystallar

og heile ringmuren av kostesame steinar.

13 Alle dine born skal lærast opp av Herren;

stor blir freden for borna dine.

14 Ved rettferd skal du vera grunnlagd,

langt borte frå undertrykking.

For du skal ikkje vera redd,

og øydelegging skal ikkje nå deg.

15 Sjå, om nokon går til åtak,

kjem det ikkje frå meg.

Den som går til åtak på deg,

skal falla for di hand.


16 Sjå, det er eg som har skapt smeden

som pustar til kolelden

og lagar våpen til alle slags bruk.

Det er eg som har skapt øydeleggjaren

til å skada.

17 Kvart våpen som er smidd mot deg,

skal mislukkast.

Kvar tunge som talar mot deg i retten,

skal du kjenna skuldig.

Dette er arven Herrens tenarar får,

rettferda som eg gjev dei,

seier Herren.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.