Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Jesaja

63

Straff og utløysing

1 Kven er han som kjem frå Edom,

frå Bosra i raude klede,

han med den staselege drakta,

han som skrid fram med stor kraft?

«Det er eg,

som talar i rettferd

og har makt til å frelsa.»


2 Kvifor er drakta di så raud,

lik kleda til ein som trakkar druer?

3 «I vinpressa trakka eg åleine,

ingen av folka var med meg.

Eg trakka på dei i min vreide

og trampa dei ned i min harme.

Safta deira spruta på kleda mine,

heile drakta mi vart tilsølt.

4 For eg hadde hemnens dag i hjartet,

året for å løysa ut var kome.

5 Eg såg meg om, det var ingen som hjelpte,

eg undra meg, men fekk inga støtte.

Armen min hjelpte meg,

og harmen min støtta meg.

6 Eg trampa folka ned i min vreide

og knuste dei i min harme,

og blodet deira lét eg renna til jorda.»

Folket angrar og bed om frelse

7 Eg vil minnast Herrens velgjerningar

og lovsyngja Herren

for alt det Herren har gjort for oss,

for alt det gode han har gjort mot Israels hus

i si miskunn og sin store kjærleik.

8 Han har sagt: «Ja, dei er mitt folk,

born som aldri svik.»

Og han vart deira frelsar.

9 I all deira trengsle var det inga trengsle.

Engelen for hans andlet frelste dei.

I sin kjærleik og i si medkjensle

løyste han dei ut.

Alltid lyfte han dei og bar dei

i gamle dagar.


10 Men dei var trassige

og gjorde hans heilage Ande sorg.

Så vart han ein fiende for dei,

han kjempa sjølv imot dei.

11 Då tenkte folket på gamle dagar, på Moses.

Kvar er han som førte

ein gjetar for småfeet sitt

opp frå vatnet?

Kvar er han som gav

sin heilage Ande i hans indre,

12 han som lét sin herlege arm

gå fram på høgre sida av Moses,

han som kløyvde vatnet framfor dei

for å skapa seg eit evig namn,

13 han som lét dei gå gjennom djupa

som hesten gjennom ørkenen?

Dei snubla ikkje.

14 Lik buskap som går ned i dalen,

førte Herrens ande dei til kvile.

Slik leidde du ditt folk

for å skapa deg eit herleg namn.


15 Sjå ned frå himmelen,

frå din heilage, herlege bustad!

Kvar er din lidenskap og din styrke?

Ditt dirrande hjarte og di miskunn

held seg attende for meg.

16 For du er vår far!

Abraham kjenner oss ikkje,

og Israel vil ikkje vita av oss.

Du, Herre, er vår far.

Ditt namn frå gamle dagar

er Han som løyser oss ut.

17 Kvifor fører du oss bort, Herre,

frå dine vegar?

Kvifor gjer du hjartet vårt hardt

så vi ikkje fryktar deg?

Vend attende for dine tenarar skuld,

stammane som er din eigedom!

18 Lite eigde ditt heilage folk,

våre motstandarar trakka din heilagdom ned.

19 Det er som om du aldri hadde herska over oss,

som om namnet ditt ikkje var nemnt over oss.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.