Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Jesaja

7

Bodskap til kong Ahas

1 I dei dagane då Ahas, son til Jotam, Ussias son, var konge i Juda, drog kong Resin av Aram og kong Pekah av Israel, son til Remalja, opp i krig mot Jerusalem. Men dei greidde ikkje å gå til åtak på byen.

2 Det vart meldt til Davids hus: «Aramearane har slege leir i Efraim.» Då skalv hjartet både hos kongen og folket, slik trea i skogen skjelv for vinden.

3 Då sa Herren til Jesaja: Gå ut, du og son din Sjear-Jasjub, og møt Ahas ved enden av vassleidningen frå Øvredammen, på vegen til vaskeplassen. 4 Sei til han: Ta deg i vare og hald deg i ro! Ver ikkje redd og mist ikkje motet for desse to utbrende og rykande vedskiene, for den brennande harmen til Resin og Aram og son til Remalja!

5 Fordi Aram, Efraim og son til Remalja har lagt vonde planar mot deg og sagt: 6 «Lat oss dra opp mot Juda og setja skrekk i det, leggja det under oss og gjera Tabeels son til konge der», 7 så seier Herren Gud:

«Det skal ikkje lukkast,

og det skal ikkje skje.

8 For Damaskus er Arams hovud,

og Resin er hovud i Damaskus

– men om sekstifem år er Efraim knust,

og det er ikkje lenger eit folk –

9 og Samaria er Efraims hovud,

og son til Remalja er hovud i Samaria.

Vil de ikkje tru, kan de ikkje stå støtt.»

Immanuel-teiknet

10  Herren tala igjen til Ahas og sa: 11 «Be om eit teikn frå Herren din Gud, nede frå dødsriket eller oppe frå det høge!» 12 Men Ahas svara: «Eg vil ikkje be om noko og ikkje setja Herren på prøve.»

13 Då sa han: «Så høyr då, Davids hus! Er det ikkje nok at de trøyttar menneske, må de òg trøytta min Gud? 14 Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, den unge jenta skal bli med barn og føda ein son, og ho skal gje han namnet Immanuel. 15 Rømme og honning skal han eta til han forstår å forkasta det vonde og velja det gode. 16 For før guten forstår å forkasta det vonde og velja det gode, skal det bli audt i landet til dei to kongane du fryktar. 17 Og over deg og folket ditt og huset til far din skal Herren la det koma dagar som det ikkje har vore sidan Efraim skilde seg frå Juda – kongen av Assur.»

Torn og tistel

18 Den dagen skal det skje

at Herren plystrar på flugene

attmed elveosane i Egypt

og på biene i Assur.

19 Alle skal koma og slå seg ned

i bratte gjel og fjellkløfter,

i alle tornekratt

og på alle vatningsplassar.


20 Den dagen skal Herren barbera

med ein kniv han har leigd

på den andre sida av Storelva,

med kongen av Assur,

alt hår både på hovudet og mellom beina,

ja, skjegget òg skal kniven ta bort.


21 Og den dagen skal ein mann kunna halda

ei kvige og eit par sauer,

22 og dei skal gje så mykje mjølk

at han kan eta rømme.

Ja, rømme og honning skal dei eta,

alle dei som er att i landet.


23 Og den dagen skal det skje

at kvar stad der det no er tusen vinstokkar,

verde tusen sjekel sølv,

skal det berre vera torn og tistel.

24 Med pil og boge går ein dit,

for landet er fullt av torn og tistel.

25 Og alle liene som vart hakka opp med hakker,

dit kan du ikkje koma meir

av redsle for torn og tistel.

No skal oksar sleppast laus der,

og sauene skal trakka.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.