Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Jesaja

9 

1 Sanneleg, det skal ikkje vera mørker for henne som er i trengsle. Før i tida førte han skam over Sebulons land og Naftalis land. Men i framtida skal han la dei koma til ære: vegen til havet, landet bortanfor Jordan, Galilea, der folkeslag bur.

Fredsfyrsten

2 Det folket som går i mørkret,

ser eit stort lys.

Over dei som bur i dødsskuggens land,

strålar lyset fram.

3 Du lét dei jubla høgt

og gjorde gleda stor.

Dei gledde seg for ditt andlet

som ein gleder seg over kornhausten,

som ein jublar når krigsbyttet blir delt.

4 For åket som tyngde,

stokken over skuldrene

og staven til slavedrivaren

har du brote sund som på Midjans dag.

5 Ja, kvar støvel som trampa,

og kvar kappe tilsølt med blod

skal brennast og bli til føde for elden.


6 For eit barn er oss fødd,

ein son er oss gjeven.

Herreveldet er lagt på hans skulder.

Han har fått namnet

Underfull rådgjevar, Veldig Gud,

Evig far, Fredsfyrste.

7 Så skal herreveldet vera stort

og freden utan ende

over Davids trone og hans kongerike.

Han skal gjera det fast og halda det oppe

med rett og rettferd

frå no og for all tid.

Herren over hærskarane skal gjera dette

i sin brennande iver.

Guds hand er lyft

8 Eit ord har Herren sendt mot Jakob,

det har slege ned i Israel.

9 Og dei har fått kjenna det, heile folket,

Efraim og dei som bur i Samaria,

dei som stolte og hovmodige sa:

10 «Teglsteinar har falle,

vi byggjer opp att med tilhoggen stein.

Morbærtre er felte,

vi plantar sedrar i staden.»

11 Då gav Herren motstandaren deira, Resin, makt over dei

og hissa opp fiendane deira,

12 aramearane frå aust

og filistrane frå vest.

Dei fortærte Israel med vidopen munn.

Men harmen hans har ikkje lagt seg med dette,

handa er framleis lyft.


13 Men folket vende ikkje om

til han som slo det,

dei søkte ikkje Herren over hærskarane.

14 Då hogg Herren av Israel både hovud og hale,

palmegrein og siv på éin dag.

15 Den eldste og den fornemme er hovudet,

halen er profeten som lærer bort løgn.

16 Dei som leidde dette folket,

førte dei vill,

dei som skulle leiast, vart villeidde.

17 Difor sparte ikkje Herren dei unge mennene deira,

mot farlause og enkjer viste han ikkje miskunn.

For alle var ugudelege og vonde,

kvar munn tala dårskap.

Men harmen hans har ikkje lagt seg med dette,

handa er framleis lyft.


18 Ja, uretten brann som ein eld

og fortærte torn og tistel,

han sette tettaste skogen i brann,

røyken steig høgt til vêrs.

19 Landet er sett i brann

fordi Herren over hærskarane er harm,

og folket har vorte til mat for elden.

Det er ingen som sparer bror sin.

20 Dei beit til høgre, men var svoltne,

og åt til venstre, men vart ikkje mette.

Kvar mann et sin neste,

21 Manasse et Efraim, og Efraim et Manasse.

Saman går dei mot Juda.

Men harmen hans har ikkje lagt seg med dette,

handa er framleis lyft.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.