Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Jakobs brev

2

Rike og fattige

1 Mine sysken, de kan ikkje tru på vår Herre Jesus Kristus, herlegdomens Herre, og samtidig gjera forskjell på folk. 2 Set at det kjem to menn inn i forsamlinga dykkar – den eine i staselege klede og med gullring på fingeren, den andre fattig og i skitne klede. 3 Då legg de merke til han i dei staselege kleda og seier: «Kom hit og finn deg ein god plass!» Men til den fattige seier de: «Du kan stå der!» eller: «Set deg her ved føtene mine!» 4 Har de ikkje då skapt eit skilje mellom dykk? Har de ikkje vorte dommarar med vonde tankar? 5 Høyr no, mine kjære sysken: Har ikkje Gud valt ut dei fattige i verda til å vera rike i trua og til å arva det riket han har lova dei som elskar han? 6 Men de har forakta den fattige! Er det ikkje dei rike som undertrykkjer dykk og dreg dykk fram for domstolen? 7 Er det ikkje dei som spottar det gode namnet som er nemnt over dykk?

8 Dersom de oppfyller den kongelege lov i Skrifta: Du skal elska nesten din som deg sjølv, då gjer de rett. 9 Men gjer de forskjell på folk, då syndar de, og lova klagar dykk som lovbrytarar. 10 For den som held heile lova, men snublar i eit einaste bod, han har gjort seg skuldig i brot på dei alle. 11 For han som sa: Du skal ikkje bryta ekteskapet, han sa òg: Du skal ikkje slå i hel. Om du då ikkje bryt ekteskapet, men slår i hel, så har du vorte ein lovbrytar. 12 Etter fridomens lov skal de dømmast, etter den skal de tala og handla. 13 For dommen skal vera utan miskunn mot den som ikkje har vist miskunn. Men miskunn sigrar over dommen.

Tru og gjerningar

14 Kva hjelper det, sysken, om nokon seier at han har tru, når han ikkje har gjerningar? Kan vel trua frelsa han? 15 Set at ein bror eller ei syster ikkje har klede og manglar mat for dagen, 16 kva hjelper det då om ein av dykk seier til dei: «Gå med fred, varm dykk og et dykk mette!» utan å gje dei det kroppen treng? 17 På same måten er det med trua: i seg sjølv, utan gjerningar, er ho død.

18 Kanskje vil nokon seia: «Du har tru, eg har gjerningar.» Vis meg di tru utan gjerningar, så skal eg ut frå gjerningane visa deg mi tru. 19 Du trur at Gud er éin? Det gjer du rett i. Dei vonde åndene trur det same – og skjelv! 20 Vil du ikkje skjøna, du tankelause menneske, at tru utan gjerningar er til inga nytte? 21 Var det ikkje på grunn av gjerningar at Abraham, far vår, vart rekna som rettferdig då han bar fram Isak, son sin, som offer på altaret? 22 Slik kan du sjå at trua verka saman med gjerningane hans, og gjennom gjerningane vart trua fullenda. 23 På den måten vart dette skriftordet oppfylt: Abraham trudde Gud, og difor rekna Gud han som rettferdig, og han vart kalla «Guds ven». 24 Der ser de at eit menneske blir rekna som rettferdig på grunn av gjerningar og ikkje berre ved tru. 25 På same måten var det med Rahab, ho som var prostituert: Vart ikkje ho rekna som rettferdig på grunn av gjerningar, fordi ho tok imot utsendingane og sleppte dei ut ein annan veg? 26 For liksom kroppen er død utan ånd, er trua død utan gjerningar.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.