Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Domarane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Dommarane Tola og Ja'ir
10Etter Abimelek stod Tola fram og berga Israel. Han var son til Pua, som var son til Dod av Jissakar-stammen og budde i Sjamir på Efraim-fjellet.  2 Han var dommar i Israel i tjuetre år. Så døydde han og vart gravlagd i Sjamir.
   
 3 Etter han stod Ja'ir frå Gilead fram. Han var dommar i Israel i tjueto år.  4 Han hadde tretti søner; dei reid på tretti esel og hadde tretti byar som enno i dag blir kalla Ja'irs teltbyar. Dei ligg i Gilead-landet.  5 Så døydde Ja'ir og vart gravlagd i Kamon.
Ammonittane undertrykkjer Israel
 6 På nytt gjorde israelittane det som var vondt i Herrens auge. Dei dyrka Baal-gudane og Astarte-bileta, dei dyrka gudane til folket i Aram, Sidon og Moab, og dei dyrka gudane til ammonittane og filistrane. Dei forlét Herren, dei tente ikkje han.  7 Då flamma Herrens harme opp mot israelittane, og han gav dei i hendene på filistrane og ammonittane.  8 Dette året knuste dei israelittane. I atten år undertrykte dei alle israelittane som budde aust for Jordan, i amorittlandet, i Gilead.  9 Ammonittane sette jamvel over Jordan og gjekk til krig mot Juda, Benjamin og Efraims hus. Og israelittane kom i stor naud.
   
10 Då ropa israelittane til Herren og sa: «Vi har synda mot deg. Vi har vendt oss bort frå vår Gud og dyrka Baal-gudane.» 11 Herren svara: «Har eg ikkje frelst dykk frå egyptarane, amorittane, ammonittane og filistrane? 12 Då sidonarane, amalekittane og midjanittane plaga dykk, ropa de til meg, og eg berga dykk ut av hendene deira. 13 Men de forlét meg og dyrka andre gudar. Difor vil eg ikkje berga dykk meir. 14 Gå og rop til dei gudane som de har valt! Lat dei frelsa dykk no når de er i naud.»
   
15 Då sa israelittane til Herren: «Vi har synda. Gjer med oss som du synest, berre du vil hjelpa oss denne gongen!» 16 Dei fjerna dei framande gudane dei hadde hos seg, og tente Herren. Då heldt han ikkje ut å sjå på Israels naud. 17 Ammonittane samla seg til strid og slo leir i Gilead. Israelittane fylka seg og slo leir i Mispa. 18 Då sa folket og hovdingane i Gilead til kvarandre: «Kvar er den mannen som vil gå først i striden mot ammonittane? Han skal vera hovding over alle som bur i Gilead.»
< Forrige kapittelNeste kapittel >

28. juni 2022

Dagens bibelord

1. Korinter 9,24–27

Les i nettbibelen

24Vet dere ikke at på stadion deltar alle i løpet, men bare én får seiersprisen? Løp da slik at dere vinner den! 25Alle som deltar i kamplekene, må nekte seg alt. De gjør det for å vinne en seierskrans som visner, vi for å vinne en som aldri visner. ... Vis hele teksten

24Vet dere ikke at på stadion deltar alle i løpet, men bare én får seiersprisen? Løp da slik at dere vinner den! 25Alle som deltar i kamplekene, må nekte seg alt. De gjør det for å vinne en seierskrans som visner, vi for å vinne en som aldri visner. 26Jeg løper derfor ikke uten å ha et mål. Jeg er heller ikke lik en nevekjemper som slår i løse luften. 27Nei, jeg kjemper mot meg selv og tvinger kroppen til å lystre, for at ikke jeg som har forkynt for andre, selv skal komme til kort.