Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Dommarane

12

Jefta kjempar mot Efraim

1 Mennene i Efraim samla seg til strid og fór nordover. Dei sa til Jefta: «Kvifor sende du ikkje bod etter oss så vi kunne ha vore med då du drog av stad og ville kjempa mot ammonittane? No vil vi setja eld på huset ditt og brenna deg inne.» 2 Jefta svara: «Eg og folket mitt låg i hard strid med ammonittane. Då sende eg bod på dykk, men de berga meg ikkje frå hendene deira. 3 Og då eg såg at de ikkje ville hjelpa, våga eg livet og gjekk mot ammonittane, og Herren gav dei i hendene mine. Kvifor kjem de no opp og vil kjempa mot meg?» 4 Så samla Jefta alle mennene i Gilead til strid mot Efraim. Og Gilead-mennene hogg efraimittane ned; for dei hadde sagt: «De er flyktningar frå Efraim, de Gilead-folk, midt mellom folk frå Efraim og folk frå Manasse.»

5 Gilead-mennene stengde vadestadene over Jordan for efraimittane. Kvar gong det kom ein efraimitt som hadde rømt, og ville sleppa over, spurde dei: «Er du frå Efraim?» Svara han nei, 6 sa dei til han: «Sei sjibbolet!» Sa han då «sibbolet», fordi han ikkje kunne uttala ordet rett, greip dei han og drap han der ved vadestadene over Jordan. Den gongen fall det førtito tusen mann av Efraim.

7 Jefta frå Gilead var dommar i Israel i seks år. Så døydde han og vart gravlagd i heimbyen sin i Gilead.

Andre dommarar

8 Etter Jefta var Ibsan frå Betlehem dommar i Israel. 9 Han hadde tretti søner. Tretti døtrer gifte han bort, og tretti svigerdøtrer henta han heim. Han styrte Israel i sju år. 10 Så døydde Ibsan og vart gravlagd i Betlehem.

11 Etter han vart Elon frå Sebulon dommar i Israel. Han styrte Israel i ti år. 12 Så døydde Elon og vart gravlagd i Ajjalon i Sebulon-landet.

13 Etter han vart Abdon, son til Hillel frå Piraton, dommar i Israel. 14 Han hadde førti søner og tretti sonesøner. Dei reid på sytti esel. Han styrte Israel i åtte år. 15 Så døydde Abdon, son til Hillel frå Piraton, og vart gravlagd i Piraton i Efraim-landet, på amalekittfjellet.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.