Gi hjerteStøtt nettbibelen
Gå til forsiden

Dommarane

2

Herrens engel åtvarar israelittane

1  Herrens engel kom frå Gilgal opp til Bokim og sa: Eg førte dykk opp frå Egypt og inn i det landet som eg med eid hadde lova fedrane dykkar. Eg sa: «Eg vil aldri bryta mi pakt med dykk, 2 og de skal ikkje gjera noka pakt med dei som bur her i landet. Altara deira skal de riva ned.» Men de høyrde ikkje på meg. Kva er det de har gjort? 3 Difor seier eg no: Eg vil ikkje driva dei bort for dykk. Dei skal bli til ei snare for dykk, og gudane deira skal bli ei felle for dykk.

4  Herrens engel hadde sagt dette til israelittane, gret folket høgt. 5 Difor kalla dei staden Bokim. Og dei ofra til Herren der.

Israel fell frå

6 Då Josva hadde sendt folket i veg, drog israelittane kvar til sitt område for å ta landet. 7 Folket tente Herren så lenge Josva levde, og så lenge dei gamle enno var i live, dei som hadde levd lenger enn Josva og hadde sett alle dei storverk Herren hadde gjort for Israel. 8 Josva, son til Nun, Herrens tenar, døydde hundre og ti år gammal. 9 Dei gravla han på hans eigen grunn i Timnat-Heres i Efraim-fjella, nord for Gaasj-fjellet. 10 Snart var heile dette slektsleddet sameina med fedrane sine. Etter dei voks det opp eit nytt slektsledd som korkje kjende Herren eller visste kva han hadde gjort for Israel.

11 Då gjorde israelittane det som vondt var i Herrens auge. Dei dyrka Baal-gudane 12 og forlét Herren, sine fedrars Gud, som hadde ført dei ut frå Egypt. Dei følgde andre gudar, gudar frå folka som budde omkring, og tilbad dei. Slik gjorde dei Herren rasande. 13 Dei forlét Herren og dyrka Baal og Astarte-bileta.

14 Då flamma Herrens vreide opp mot Israel, og han gav dei i hendene på røvarar som plyndra dei. Han gav dei over til fiendane omkring, og dei kunne ikkje stå seg mot dei. 15 Kvar dei fór fram, var Herrens hand imot dei og råka dei med ulukke, slik Herren hadde sagt, og som Herren hadde svore. Dei kom i stor naud.

16 Då lét Herren det stå fram dommarar som berga dei ut av hendene på røvarane. 17 Men dei lydde ikkje dommarane sine heller. Dei dreiv hor med andre gudar og tilbad dei. Dei var snare til å bøya av frå den vegen som fedrane deira hadde følgt då dei lydde Herrens bod. Dei gjorde ikkje som fedrane.

18 Kvar gong Herren lét ein dommar stå fram hos dei, var Herren med dommaren og berga dei ut av hendene på fiendane så lenge dommaren levde. For Herren fekk medynk med dei når dei sukka under dei som plaga og undertrykte dei. 19 Men så snart dommaren var død, fall dei frå att, og dei øydela meir enn fedrane gjorde. Dei følgde andre gudar og dyrka og tilbad dei. Dei heldt fram med å vera trassige og gjera det vonde.

20 Då flamma Herrens vreide opp mot Israel, og han sa: «Dette folket har brote den pakta eg påla fedrane deira, og ikkje lydd etter det eg har sagt. 21 Difor vil eg ikkje halda fram med å driva ut for dei eit einaste av dei folkeslaga som Josva lét vera att då han døydde. 22 For gjennom dei skal Israel bli prøvd: Vil dei eller vil dei ikkje halda seg til Herrens veg og gå han, slik som fedrane deira har gjort?» 23 Difor lét Herren desse folkeslaga vera att i staden for å driva dei bort straks; og han gav dei ikkje over i Josvas hender.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.