Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Domarane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Midjanittane herjar i Israel
6Israelittane gjorde det som vondt var i Herrens auge. Då gav Herren dei i hendene på midjanittane i sju år.  2 Midjanittane hadde makta over Israel. For å koma unna Midjan stelte israelittane til dei gøymestadene som finst i fjella, både hòler og fjellborger.  3 Kvar gong israelittane hadde sådd, kom midjanittane og amalekittane og folka frå aust og gjekk til åtak på dei.  4 Dei slo leir midt imot dei og øydela avlinga i landet heilt bort til Gaza. Dei lét det ikkje bli noko att å leva av i Israel, ikkje ein sau eller ein okse eller eit esel.  5 For dei kom med buskap og telt som svermar av grashopper. Det var ikkje tal på dei og kamelane deira. Dei kom for å øydeleggja landet.  6 Israel vart heilt utarma av midjanittane, og israelittane ropa til Herren.
   
 7 Då israelittane ropa til Herren på grunn av midjanittane,  8 sende Herren ein profet til dei. Han sa: Så seier Herren, Israels Gud: Det var eg som førte dykk opp frå Egypt og henta dykk ut av slavehuset.  9 Eg berga dykk ut av hendene på egyptarane og frå alle som undertrykte dykk. Eg dreiv dei bort for dykk og gav dykk landet deira. 10 Eg sa til dykk: «Eg er Herren dykkar Gud. De skal ikkje frykta gudane til amorittane, som eigde det landet de bur i.» Men de ville ikkje høyra på meg.
Herren kallar Gideon til dommar
11 Då kom Herrens engel og sette seg under den eika som står i Ofra, den som høyrde til Joasj av Abieser-slekta. Gideon, son til Joasj, stod og treskte kveite i vinpressa for å berga kornet frå midjanittane. 12 Då synte Herrens engel seg for han og sa til han: « Herren er med deg, du djerve krigar.» 13 Gideon svara: «Høyr på meg, herre! Om Herren er med oss, kvifor har då alt dette hendt med oss? Kvar er dei undera han gjorde, og som fedrane våre fortalde oss om? Dei sa at det var Herren som førte dei ut frå Egypt. Men no har Herren vendt seg frå oss og gjeve oss i hendene på midjanittane.»
   
14 Herren vende seg til Gideon og sa: «Gå og bruk den styrken du eig, til å berga Israel ut av hendene på midjanittane! Det er eg som sender deg!» 15 Gideon svara: «Høyr, Herre! Korleis kan eg berga Israel? Mi slekt er den veikaste i Manasse, og sjølv er eg den yngste i huset til far min.» 16 Då sa Herren til han: «Eg vil vera med deg, og du skal slå midjanittane, alle som ein.» 17 Gideon sa: «Om eg har funne nåde for auga dine, så gjev meg eit teikn på at det er du som talar med meg. 18 Gå ikkje herifrå før eg kjem att! Eg skal henta ei offergåve og leggja henne fram for deg.» Han svara: «Eg blir her til du kjem att.»
   
19 Gideon gjekk og stelte til eit geitekje, så tok han ein efa mjøl og baka usyra brød. Kjøtet la han i ei korg, og suppa hadde han i ei krukke. Så bar han det ut under eika og sette det fram for han. 20 Då sa Guds engel til han: «Ta kjøtet og det usyra brødet, legg det på berget her og slå suppa over!» Han gjorde det. 21 Så rette Herrens engel fram spissen av staven som han hadde i handa, og rørte ved kjøtet og det usyra brødet. Då slo eld opp frå berget og fortærte kjøtet og brødet. Og Herrens engel kvarv bort for auga hans. 22 Då skjøna Gideon at det var Herrens engel.
        Gideon ropa: «Ve meg, min Gud og Herre! Eg har sett Herrens engel andlet til andlet!»
23 Men Herren sa til han: «Fred vere med deg, ver ikkje redd! Du skal ikkje døy.» 24 Så bygde Gideon eit altar for Herren der og kalla det « Herren er fred». Den dag i dag står det i Ofra, som høyrer til Abieser-slekta.
   
25 Om natta sa Herren til Gideon: «Ta ungoksen som far din eig, og den andre oksen, den som er sju år gammal! Riv ned Baal-altaret til far din og hogg ned Asjera-pålen som står attmed det. 26 Så skal du på fastsett vis byggja eit altar for Herren din Gud på toppen av denne festninga. Ta den andre oksen og ber han fram som brennoffer; bruk veden av Asjera-pålen som du har hogge ned.»
   
27 Gideon tok med seg ti av tenarane sine og gjorde som Herren hadde sagt. Men han var redd familien sin og folket i byen; difor gjorde han det ikkje om dagen, men om natta. 28 Då folk i byen stod opp om morgonen, sjå, då var Baal-altaret nedrive, og Asjera-pålen som stod der, var hoggen ned. På det nybygde altaret var den andre oksen ofra. 29 Då sa dei seg imellom: «Kven kan ha gjort dette?» Og då dei undersøkte og spurde seg føre, vart det sagt at det var Gideon, son til Joasj, som hadde gjort det. 30 Mennene i byen sa då til Joasj: «Lat son din koma ut! Han skal døy! Han har rive ned Baal-altaret og hogge ned Asjera-pålen som stod attmed det.» 31 Men Joasj sa til alle som stod omkring han: «Vil de strida for Baal? Vil de hjelpa han? Den som strider for Baal, skal døy før morgonen gryr. Er han gud, så lat han strida for seg sjølv mot den som har rive ned altaret hans.» 32 Den dagen fekk Gideon namnet Jerubbaal, for dei sa: «Lat Baal strida mot han, sidan han har rive ned altaret hans!»
Gideon bed om eit teikn
33 Alle midjanittane, amalekittane og folka frå aust samla seg. Dei sette over Jordan og slo leir på Jisreel-sletta. 34 Då kom Herrens ande over Gideon. Han bles i horn, og Abieser-slekta samla seg og følgde han. 35 Så sende han bodberarar ut i heile Manasse, og dei samla seg og følgde han, dei òg. Han sende bodberarar til Asjer og Sebulon og Naftali, og dei kom og gav seg i lag med dei andre.
   
36 Då sa Gideon til Gud: «Om du vil berga Israel ved mi hand, som du har sagt, 37 så sjå hit: No legg eg denne nyklipte ulla på treskjevollen. Kjem det dogg berre på ulla medan heile marka er tørr, då veit eg at det er ved mi hand du vil berga Israel, slik som du har sagt.» 38 Og så vart det. Då Gideon stod opp morgonen etter og vreid opp ulla, klemde han så mykje dogg ut av henne at det vart ei skål full med vatn. 39 Då sa han til Gud: «Lat ikkje vreiden flamma opp mot meg om eg talar endå ein gong. Eg ville gjerne gjera prøva med ulla ein gong til. Lat no ulla åleine vera tørr, medan heile marka er dogga.» 40 Og natta etter gjorde Gud det slik: Ulla heldt seg tørr, men heile marka var doggvåt.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

28. juni 2022

Dagens bibelord

1. Korinter 9,24–27

Les i nettbibelen

24Vet dere ikke at på stadion deltar alle i løpet, men bare én får seiersprisen? Løp da slik at dere vinner den! 25Alle som deltar i kamplekene, må nekte seg alt. De gjør det for å vinne en seierskrans som visner, vi for å vinne en som aldri visner. ... Vis hele teksten

24Vet dere ikke at på stadion deltar alle i løpet, men bare én får seiersprisen? Løp da slik at dere vinner den! 25Alle som deltar i kamplekene, må nekte seg alt. De gjør det for å vinne en seierskrans som visner, vi for å vinne en som aldri visner. 26Jeg løper derfor ikke uten å ha et mål. Jeg er heller ikke lik en nevekjemper som slår i løse luften. 27Nei, jeg kjemper mot meg selv og tvinger kroppen til å lystre, for at ikke jeg som har forkynt for andre, selv skal komme til kort.