Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Dommarane

8

Gideon er dommar i Israel

1 Mennene frå Efraim sa til Gideon: «Korleis er det du har fare åt mot oss? Kvifor sende du ikkje bod etter oss då du tok ut i striden mot midjanittane?» Og dei gjekk kraftig i rette med han. 2 Men han sa til dei: «Kva har eg gjort samanlikna med dykk? Er ikkje etterraksten til Efraim meir verd enn vinhausten til Abieser? 3 Det var i dykkar hender Gud gav midjanitthovdingane Oreb og Seeb. Har eg makta å gjera som de?» Då han sa dette, lét dei vreiden mot han stilna av.

4 Gideon kom til Jordan og gjekk over, han og dei tre hundre mennene som var med han. Dei var utmatta etter jakta. 5 Då sa han til mennene i Sukkot: «Kan de gje nokre brød til krigsfolket som følgjer meg, for dei er slitne. Eg jagar Sebah og Salmunna, kongane i Midjan.» 6 Men hovdingane i Sukkot svara: «Har du alt fått kloa i Sebah og Salmunna, sidan vi skal gje hæren din brød?» 7 Då sa Gideon: «Fordi du sa det, skal eg riva opp kjøtet dykkar med ville tornebuskar og tistlar når Herren har gjeve Sebah og Salmunna i mi hand.» 8 Så fór han opp til Penuel og spurde om det same. Men i Penuel svara mennene han på same vis som Sukkot-mennene hadde gjort. 9 Då sa han til dei òg: «Når eg kjem velberga tilbake, skal eg riva dette tårnet ned.»

10 Sebah og Salmunna låg i Karkor med hærane sine, om lag femten tusen mann. Det var alt som var att av hæren til folka frå aust. Hundre og tjue tusen våpenføre menn var falne. 11 Gideon drog opp langs vegen til teltbuarane aust for Nobah og Jogbeha, og han slo hæren som låg trygt i leiren. 12 Sebah og Salmunna rømde, men han sette etter dei og tok begge Midjan-kongane, Sebah og Salmunna, til fange. Han fekk heile hæren til å skjelva av skrekk.

13 Då Gideon, son til Joasj, vende heim frå striden og kom opp gjennom Heres-passet, 14 fekk han tak i ein ung gut, ein av mennene i Sukkot, og spurde han ut. Guten skreiv opp for han namna på hovdingane og dei eldste i Sukkot, syttisju mann. 15 Då han kom til mennene i Sukkot, sa han: «Sjå, her er Sebah og Salmunna, som de spotta meg for då de sa: Har du alt fått kloa i Sebah og Salmunna, sidan vi skal gje dei trøytte mennene dine brød?» 16 Han greip dei eldste i byen. Så tok han ville tornebuskar og tistlar og lærte mennene i Sukkot ei lekse med dei. 17 Tårnet i Penuel reiv han ned, og mennene i byen slo han i hel.

18 Sidan sa han til Sebah og Salmunna: «Korleis såg dei ut, dei mennene som de slo i hel på Tabor?» Dei svara: «Dei likna deg. Begge såg ut som kongssøner.» 19 Han sa: «Då var det brørne mine, sønene til mi eiga mor. Så sant Herren lever, hadde de spart livet deira, skulle eg ikkje ha drepe dykk.» 20 Og han sa til Jeter, eldste son sin: «Gå fram og slå dei i hel!» Men guten drog ikkje sverdet. Han torde ikkje, for han var berre ein unggut endå. 21 Då sa Sebah og Salmunna: «Kom sjølv og hogg oss ned! For som mannen er, så er styrken hans.» Så gjekk Gideon fram og slo Sebah og Salmunna i hel, og han tok halvmånane som kamelane deira hadde om halsen.

22 Israelittane sa til Gideon: «Du skal rå over oss, både du og son din og soneson din, for du har berga oss ut av hendene på midjanittane.» 23 Men Gideon svara: «Eg skal ikkje rå over dykk. Son min skal heller ikkje rå over dykk. Herren skal rå over dykk.» 24 Sidan sa Gideon til dei: «Eg har ei bøn til dykk: at kvar av dykk gjev meg ein øyrering frå hærfanget sitt.» For midjanittane gjekk med øyreringar av gull; dei var ismaelittar. 25 Dei svara: «Vi gjev dei gjerne.» Så breidde dei ut ei kappe, og på den kasta kvar av dei ein ring frå hærfanget sitt. 26 Då han vog gullringane som han hadde bede om, var det eitt tusen sju hundre sjekel gull, forutan halvmånane, øyreringane og purpurkleda som Midjan-kongane hadde hatt på seg, og lenkjene som kamelane deira hadde bore kring halsen. 27 Av gullet laga Gideon seg ein efod som han sette opp i Ofra, heimbyen sin. Alle israelittane der kom og dreiv hor med efoden, og han vart til ei snare for Gideon og hans hus.

28 Såleis måtte midjanittane bøya seg under israelittane, og dei lyfte aldri hovudet att. Sidan hadde landet fred i førti år, så lenge Gideon levde.

29 Så gjekk Jerubbaal, son til Joasj, heim til sitt eige hus og vart buande der. 30 Frå Gideon gjekk det ut sytti søner, for han hadde mange koner. 31 Følgjekona han hadde i Sikem, fødde òg ein son til han, og han gav han namnet Abimelek. 32 Gideon, son til Joasj, døydde i høg alder og vart lagd i grava til Joasj, far sin, i Ofra, byen til Abieser-slekta.

33 Då Gideon var død, byrja israelittane å driva hor med Baal-gudane att. Dei gjorde Baal-Berit til sin gud. 34 Israelittane tenkte ikkje på Herren sin Gud, som hadde berga dei frå alle fiendar rundt ikring. 35 Dei viste ingen truskap mot Gideon, mot Jerubbaal og huset hans, trass i alt det gode han hadde gjort for Israel.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.