Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Jeremia

14

Herren straffar med tørke

1  Herrens ord som kom til Jeremia om tørken:


2 Juda sørgjer, byane visnar,

dei bøyer seg til jorda i sorg,

klagerop stig frå Jerusalem.

3 Stormennene sender tenarane sine

etter vatn.

Dei kjem til brønnane,

men finn ikkje vatn.

Dei kjem att med tomme kar,

dei dekkjer til hovudet i skam og vanære.

4 Jorda rivnar,

for det kjem ikkje regn i landet,

bøndene dekkjer til hovudet i skam.

5 Sjølv hinda ute på marka

forlèt den nyfødde kalven,

for ikkje noko er grønt.

6 På snaue høgder står villesel

og syp etter anden som sjakalar,

auga sloknar,

for det finst ikkje gras.


7  Herre, sjølv om våre synder vitnar mot oss,

så grip likevel inn for ditt namn skuld!

Gong på gong har vi falle frå

og synda mot deg.

8 Du Israels von,

du frelsar i trengselstid,

kvifor er du som ein framand i landet,

ein ferdamann som berre stansar ei natt?

9 Kvifor er du som ein rådvill mann,

ein krigar som ikkje kan frelsa?

Du er midt imellom oss, Herre,

namnet ditt er nemnt over oss.

Gå ikkje frå oss!


10 Så seier Herren om dette folket:

Dei likar å streifa ikring,

dei sparer ikkje føtene.

Men Herren bryr seg ikkje om dei.

No vil han hugsa deira skuld

og straffa dei for deira synder.

Dei falske profetane skal mista livet

11  Herren sa til meg: Bed ikkje om at det skal gå godt for dette folket! 12 Når dei fastar, høyrer eg ikkje på klageropa deira, og når dei ber fram brennoffer og grødeoffer, bryr eg meg ikkje om dei. For med sverd og svolt og pest skal eg gjera ende på dei.

13 Då sa eg: Å, min Herre og Gud, sjå, profetane seier til dei: «De skal ikkje sjå sverd, og svolt skal ikkje råka dykk, for eg vil gje dykk sann fred på denne staden.» 14  Herren sa til meg: Løgn profeterer desse profetane i mitt namn. Eg har ikkje sendt dei og ikkje gjeve dei noko påbod og ikkje tala til dei. Løgnsyn, falske spådomar og svik frå eige hjarte er det dei profeterer for dykk.

15 Difor seier Herren om profetane som profeterer i mitt namn endå eg ikkje har sendt dei, dei som seier at det ikkje skal vera sverd og svolt her i landet: Ved sverd og svolt skal dei mista livet, desse profetane. 16 Og folket som dei profeterer for, skal liggja slengt på gatene i Jerusalem, tekne av svolt og sverd. Ingen skal gravleggja dei eller kvinnene deira, sønene eller døtrene deira. Slik auser eg deira eigen vondskap ut over dei.

Har du vraka oss heilt?

17 Dette ordet skal du seia til dei:

Tårene renn frå auga mine

natt og dag, dei tek ikkje slutt.

For jomfrua, dotter til folket mitt,

har falle heilt saman

og fått eit ulækjande sår.

18 Går eg ut på marka,

ser eg folk drepne av sverd,

og går eg inn i byen,

ser eg svolt og sjukdom.

Sjølv profetar og prestar

må fara til eit land dei ikkje kjenner.


19 Har du heilt støytt Juda frå deg,

har du avsky for Sion?

Kvifor har du slege oss

så det ikkje finst lækjedom?

Vi har vona på fred,

men det finst ikkje noko godt,

og på ei tid med lækjedom,

men sjå, det er redsle.


20 Vi kjenner vår urett, Herre,

og skulda til fedrane våre,

for vi har synda mot deg.

21 For ditt namn skuld, forakt oss ikkje,

vanær ikkje din herlegdoms trone.

Hugs på di pakt med oss,

bryt henne ikkje!

22 Kan dei falske gudane til folkeslaga gje regn?

Kan himmelen gje regnbyer?

Er det ikkje du, Herre, vår Gud?

Vi vonar på deg,

for det er du som gjer alt dette.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.