Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Jeremia

20 

1 Då presten Pasjhur, Immers son, som var øvste tilsynsmann i Herrens hus, høyrde Jeremia tala desse profetiske orda, 2 slo han profeten Jeremia og sette han i gapestokken ved den øvre Benjamin-porten, som fører inn til Herrens hus.

3 Dagen etter sleppte Pasjhur Jeremia laus frå gapestokken. Då sa Jeremia til han: Herren kallar deg ikkje Pasjhur, men «Redsle på alle kantar». 4 For så seier Herren: Sjå, eg gjer deg til ei redsle for deg sjølv og for alle venene dine. Dei skal falla for sine fiendars sverd, og auga dine skal sjå det. Og heile Juda vil eg gje over i hendene på kongen av Babel. Han skal føra dei til eksil i Babel og hogga dei ned med sverd. 5 Og eg vil gje all rikdom i denne byen i hendene på fiendane deira, alt dei har streva for, alle kostesame eigneluter og alle skattane til Juda-kongane, dei skal røva dei, ta dei med seg og føra dei til Babel. 6 Du, Pasjhur, og alle som bur i ditt hus, skal gå i fangenskap og koma til Babel, og der skal du døy, og der skal du gravleggjast, både du og alle venene dine som du har profetert løgn for.

Profeten kan ikkje svikta kallet

7 Du lokka meg, Herre,

og eg lét meg lokka.

Du vart for sterk for meg og vann.

Eg er til latter heile dagen,

alle spottar meg.

8 Kvar gong eg snakkar, må eg skrika.

«Vald og ran!» ropar eg.

For Herrens ord har dagen lang

vorte meg til spott og skam.

9 Eg sa: «Eg vil ikkje tenkja på han

og aldri meir tala i hans namn.»

Då var det som om det brann ein eld i mitt hjarte.

Han var innestengd i knoklane mine.

Eg streva for å stå imot,

men eg greidde det ikkje.


10 For eg høyrer mange som kviskrar:

«Redsle på alle kantar!

Meld han! Vi skal melda han!»

Kvart menneske eg hadde fred med,

ventar på at eg skal falla:

«Kanskje lèt han seg lokka,

så vi vinn og kan hemna oss på han.»


11 Men Herren er med meg

lik ein veldig krigar.

Difor skal dei som forfølgjer meg,

snubla og ikkje vinna.

Dei skal bli heilt til skamme,

for dei mislukkast,

ei evig vanære som aldri blir gløymd.

12  Herre over hærskarane,

du som prøver den rettferdige,

som ser nyrer og hjarte,

lat meg få sjå at du tek hemn over dei,

for eg har lagt mi sak fram for deg.


13 Syng for Herren, lovpris Herren,

for han bergar livet til den fattige

frå valdsmannens hand.


14 Forbanna er den dagen

då eg vart fødd!

Den dagen mor mi fødde meg,

skal ikkje vera velsigna!

15 Forbanna er den mannen

som kom til far min med nyhendet:

«Det er fødd deg eit barn, ein gut»

og gjorde han storleg glad.

16 Lat den mannen bli som dei byane

Herren øydela utan medynk!

Lat han høyra skrik om morgonen

og hærrop midt på dagen

17 fordi han ikkje drap meg i mors liv,

så mor mi kunne bli mi grav

og alltid gå med barn.

18 Kvifor kom eg ut av mors liv

for å sjå møde og sorg

og enda mine dagar i skam?

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.