Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Jeremia

22

Domsord til kongehuset

1 Dette sa Herren: Gå ned til Juda-kongens hus. Der skal du tala dette ordet. Du skal seia: 2 Høyr Herrens ord, du Juda-konge som sit på Davids trone, både du og tenarane dine og folket ditt, alle de som går inn gjennom desse portane.

3 Så seier Herren: Gjer det som er rett og rettferdig! Berg den som er rana, frå undertrykkjarens hand! Ver ikkje harde og bruk ikkje vald mot innflyttarar, farlause og enkjer. De skal ikkje ausa ut uskuldig blod på denne staden.

4 Så sant de lever etter dette ordet, skal kongar som sit på Davids kongsstol og køyrer med vogner og hestar, koma inn gjennom portane til dette huset, både dei og tenarane deira og folket deira. 5 Men vil de ikkje lyda desse orda, det sver eg ved meg sjølv, seier Herren, skal huset leggjast i ruinar.

6 For så seier Herren om kongehuset i Juda:

Du var eit Gilead for meg,

du var toppen av Libanon.

Men eg skal gjera deg til ørken,

til byar der ingen bur.

7 Eg helgar dei som skal øydeleggja deg,

kvar med sitt våpen.

Dei skal fella dine finaste sedrar

og kasta dei på elden.

8 Mange folkeslag skal dra forbi byen, og dei skal spørja kvarandre: «Kvifor har Herren gjort dette med denne store byen?» 9 Og dei skal få til svar: «Fordi dei vende seg frå pakta med Herren sin Gud, tilbad andre gudar og tente dei.»

Om kong Sjallum

10 De skal ikkje gråta over den døde

og ikkje sørgja over han.

Gråt heller over han som drog bort,

for han skal ikkje koma att,

han får aldri meir sjå sitt fødeland.

11 For så seier Herren om kong Sjallum av Juda, son til Josjia, han som vart konge etter Josjia, far sin:

Han som fór bort frå denne staden,

skal aldri venda attende.

12 For han skal døy på den staden

der han er i eksil,

og dette landet skal han aldri meir få sjå.

Om kong Jojakim

13 Ve han som byggjer sitt hus med urettferd,

sine loftssalar med urett.

Han lèt sin neste arbeida utan betaling

og gjev han ikkje løna han skal ha.

14 Han seier: «Eg vil byggja eit stort hus

med romslege loftssalar.»

Så høgg han ut vindauge,

kler huset med sedertre og målar det raudt.

15 Blir du konge av å vera best

til å byggja med sedertre?

Far din åt og drakk

og gjorde det som er rett og rettferdig,

og då gjekk det han godt.

16 Han felte rett dom

for hjelpelause og fattige,

og det gjekk han godt.

Det er å kjenna meg,

seier Herren.

17 Men du har ikkje auge og hjarte

for anna enn urett vinning,

for å ausa ut uskuldig blod,

for å undertrykkja og mishandla.


18 Difor seier Herren om kong Jojakim av Juda, son til Josjia:

Ingen held sørgjehøgtid over han og ropar:

«Å ve, min bror! Å ve, mi syster!»

Ingen held sørgjehøgtid og ropar:

«Å ve, herre! Å ve, majestet!»

19 Han får gravferd som eit esel,

han skal slepast og slengjast bort

utanfor Jerusalems portar.

Jerusalems ulukke

20 Gå opp på Libanon og skrik ut,

rop høgt i Basan,

skrik ut frå Abarim-fjella,

for alle elskarane dine er knuste.


21 Eg tala til deg då alt gjekk godt,

men du sa: «Eg vil ikkje høyra.»

Det var din veg frå ungdomen av,

for du ville ikkje høyra på mi røyst.

22 Vinden skal gjeta alle gjetarane dine,

elskarane dine skal førast bort som fangar.

Då får du skam og vanære att

for alt det vonde du har gjort.

23 Du som bur på Libanon

og har bygd reir i sedertrea,

kor du stønnar når smertene kjem over deg,

rier som hos ei fødande kvinne!

Om kong Konja

24 Så sant eg lever, seier Herren: Sjølv om du, kong Konja av Juda, son til Jojakim, var ein signetring på mi høgre hand, ville eg riva deg av.

25 Eg gjev deg i hendene på dei som står deg etter livet, og som du er redd, kong Nebukadnesar av Babel og kaldearane. 26 Eg kastar både deg og mor di som fødde deg, bort til eit anna land der de ikkje vart fødde, og der skal de døy.

27 Men det landet som dei lengtar etter, skal dei aldri meir koma tilbake til.


28 Er då denne Konja

eit vanvørdt kar som skal knusast,

ein reiskap som ingen bryr seg om?

Kvifor er han og hans ætt kasta ut,

slengde bort til landet dei ikkje kjenner?


29 Land, land, land, høyr Herrens ord!

30 Så seier Herren:

Skriv denne mannen opp som barnlaus,

ein mann med eit mislukka liv.

Ingen av hans ætt skal lukkast i

å sitja på Davids trone

og atter herska over Juda.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.