Gå til forsiden

Jeremia

37

Jeremia åtvarar kong Sidkia

1 Sidkia, son til Josjia, vart konge etter Konja, son til Jojakim. Kong Nebukadnesar av Babel gjorde han til konge i Juda. 2 Korkje Sidkia eller tenarane hans eller folket i landet ville høyra på dei orda Herren tala gjennom profeten Jeremia. 3 Kong Sidkia sende Jehukal, son til Sjelemja, og presten Sefanja, son til Maaseja, til profeten Jeremia for å seia: «Bed for oss til Herren vår Gud!» 4 På den tid var Jeremia fri til å gå ut og inn mellom folk; dei hadde endå ikkje sett han i fengsel.

5 No hadde faraos hær drege ut frå Egypt. Kaldearane som kringsette Jerusalem, fekk høyra om det og braut opp frå byen. 6 Då kom Herrens ord til profeten Jeremia: 7 Så seier Herren, Israels Gud: Dette skal de seia til Juda-kongen, som har sendt dykk for å spørja meg til råds: Sjå, faraos hær, som har fare ut for å hjelpa dykk, vil venda attende til sitt land, til Egypt. 8 Og så kjem kaldearane att og går til strid mot denne byen. Dei kjem til å ta han og brenna han. 9 Så seier Herren: De må ikkje narra dykk sjølve og seia: «Kaldearane dreg sikkert bort frå oss.» For det gjer dei ikkje. 10 Om de slo heile kaldearhæren som går til strid mot dykk, og det berre var att nokre hardt såra, kom dei til å reisa seg, kvar frå sitt telt, og brenna ned denne byen.

Jeremia i fengsel

11 Då kaldearhæren hadde trekt seg tilbake frå Jerusalem på grunn av hæren til farao, 12 gjekk Jeremia ut av Jerusalem for å gå til Benjamin-landet. Han skulle ordna med ein arv mellom folket der. 13 Men då han kom til Benjamin-porten, møtte han ein vakthavande offiser som heitte Jeria, son til Sjelemja, Hananjas son. Han greip profeten Jeremia og sa: «Du vil gå over til kaldearane!» 14 «Det er løgn!» sa Jeremia. «Eg vil ikkje gå over til kaldearane.» Men Jeria høyrde ikkje på han. Han tok Jeremia og førte han til leiarane. 15 Dei vart sinte på Jeremia, dei slo han og førte han som fange til huset til riksskrivaren Jonatan, for det hadde dei gjort om til fengsel. 16 Slik kom Jeremia i fangeholet i kjellaren, og der vart han sitjande i lang tid.

17 Kong Sidkia sende så bod og henta han til slottet og spurde han i løynd: «Er det kome noko ord frå Herren?» «Det er det», svara Jeremia. «Du skal gjevast i hendene på kongen av Babel.» 18 Så sa Jeremia til kong Sidkia: «Kva synd har eg gjort mot deg og tenarane dine og dette folket sidan de har sett meg i fengsel? 19 Og kvar er no profetane dykkar, dei som profeterte at kongen av Babel ikkje ville gå mot dykk og dette landet? 20 Høyr no, herre konge! Lat mi bøn koma fram for deg! Send meg ikkje tilbake til riksskrivaren Jonatans hus, og lat meg ikkje døy der!»

21 Då sa kong Sidkia frå om at dei skulle halda Jeremia i varetekt i vaktgarden. Der fekk han kvar dag brød frå Bakargata, heilt til det var slutt på brød i byen. Og Jeremia vart sitjande der i vaktgarden.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.