Gå til forsiden

Jeremia

47

Filistrane

1  Herrens ord som kom til profeten Jeremia om filistrane før farao slo Gaza.


2 Så seier Herren:

Sjå, vatnet stig frå nord

og blir til ei fløymande elv,

ho fløymer over landet og alt som fyller det,

byane og dei som der bur.

Menneska skrik,

alle som bur i landet, jamrar.

3 For dei høyrer hovslag frå sterke hestar,

vogner som ramlar og hjul som dundrar.

Fedrane ser seg ikkje om etter borna,

hendene er slappe.

4 For no er dagen komen

då filistrane skal øydeleggjast,

då alle i Tyros og Sidon

som slapp unna og kunne hjelpa,

skal ryddast ut.

For Herren øydelegg filistrane,

dei som er att frå Kaftor-kysten.

5 Gaza er raka snau,

Asjkalon har tagna.

Du som er att i dalen,

kor lenge vil du rispa deg opp?


6 Å, du Herrens sverd,

kor lenge skal det vara

før du fell til ro?

Trekk deg inn att i slira,

kvil og ver stille!

7 Korleis kan det falla til ro

når Herren har kalla det ut?

Han har sendt det til Asjkalon og til kysten.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.