Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Jeremia

48

Moab

1 Om Moab.


Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud:

Ve Nebo! Byen er øydelagd.

Kirjatajim har vorte til skamme, innteken,

borga har vorte til skamme, slegen av redsle.

2 Ingen skryter av Moab lenger.

I Hesjbon la dei vonde planar mot dei:

«Kom, lat oss rydda dei ut som folk!»

Også du, Madmen, skal tagna,

sverdet skal forfølgja deg.

3 Høyr klageropet frå Horonajim,

der er øydelegging, eit stort samanbrot.

4 Moab har brote saman,

frå borna høyrest klagerop.

5 Gråtande går dei opp bakkane til Luhit.

På vegen ned til Horonajim

høyrest rop i naud over samanbrotet:

6 «Flykt, berg livet!»

Men de blir som ein busk i ørkenen.

7 Fordi du leit på

det du hadde laga,

og på skattane dine,

skal du òg bli teken.

Kemosj må gå i eksil

og prestane og stormennene med han.

8 Han som herjar, kjem til kvar ein by,

ikkje ein by slepp unna.

Dalen skal gå til grunne

og sletta leggjast i øyde,

slik som Herren har sagt.

9 Gjev Moab ein blom,

for det skal leggjast i ruinar.

Byane skal bli aude,

ingen skal bu i dei.


10 Forbanna er den

som forsømer å gjera Herrens verk!

Forbanna er den

som held sverdet borte frå blod!


11 Moab var trygg frå ungdomen av,

låg roleg som vin over berme,

vart ikkje helt frå fat til fat,

måtte ikkje gå i eksil.

Difor har smaken halde seg,

og angen er den same som før.

12 Difor, sjå, dagar skal koma,

seier Herren,

då eg sender vintapparar til han.

Dei skal tappa han om

og tømma fata

og slå krukkene sund.

13 Då skal Moab skamma seg over Kemosj

slik Israel måtte skamma seg over Betel,

som dei sette si lit til.


14 Korleis kan de seia:

«Vi er krigarar og djerve stridsmenn»?

15 Moab skal herjast.

Dei dreg mot byane der,

og den beste ungdomen dreg ut for å bli slakta,

seier kongen, Herren over hærskarane er hans namn.


16 Moabs ulukke er nær,

brått kjem det vonde over han.

17 Sørg over han,

alle de grannar

og alle de som kjenner hans namn.

Sei: «Broten er den sterke staven,

det herlege septeret!»


18 Stig ned frå æresplassen,

set deg i det tørste landet,

du som bur hos dotter Dibon.

For han som skal herja Moab,

dreg mot deg

og øydelegg festningane dine.

19 Still deg attmed vegen og hald vakt,

du som bur i Aroer!

Spør han som flyktar og henne som kom seg unna:

«Kva er det som har hendt?»

20 Moab har vorte til skamme, slegen av redsle.

Hyl og skrik!

Fortel ved Arnon

at Moab er øydelagd.


21 Dommen er komen for slettelandet, for Holon, Jahsa og Mofaat, 22 Dibon, Nebo og Bet-Diblatajim, 23 Kirjatajim, Bet-Gamul og Bet-Meon, 24 Kerijot og Bosra, for alle byane i Moab, både fjern og nær.


25 Moabs horn er hogge av,

armen hans er broten, seier Herren.

26 Skjenk han full,

for han har briska seg mot Herren.

Så kan Moab liggja der i spy

og bli til latter, han òg.

27 Gjorde ikkje du Israel til latter?

Vart han kanskje teken mellom tjuvar,

sidan du rister på hovudet

kvar gong du snakkar om han?

28 Far bort frå byane

og slå dykk ned i fjellet,

de som bur i Moab!

Gjer som dua, ho byggjer seg reir

i sidene av det gapande gjelet.


29 Vi har høyrt kor umåteleg stolt Moab er,

kor høg han er, kor hovmodig og stolt,

kor overmodig han er.

30 Eg veit, seier Herren,

kor frekk han er,

og kor tomt han skryter.

Tomt er det dei gjer.

31 Difor sørgjer eg over Moab,

skrik for heile Moabs skuld.

Ein sukkar over mennene frå Kir-Heres.

32 Eg græt meir over deg

enn over Jaser, du vinstokk i Sibma.

Rankene dine spreidde seg mot sjøen,

dei nådde til sjøen ved Jaser.

Over din frukthaust og vinhaust

kjem han som herjar.

33 Glede og jubel er borte

frå hagane, frå Moabs land.

Eg gjer ende på vinen frå vinpressene.

Ingen trakkar vindruer til glade rop,

ingen ropar dei ropa.


34 Skriket frå Hesjbon når til Elale,

heilt til Jahas lyder ropet,

frå Soar til Horonajim

og til Eglat-Sjelisjia.

For jamvel Nimrim-vatnet blir til ørkenland.

35 I Moab, seier Herren,

gjer eg ende på dei

som går opp på haugane

og tenner offereld for guden sin.

36 Difor klagar mitt hjarte

som ei fløyte over Moab,

mitt hjarte klagar som ei fløyte

over mennene frå Kir-Heres.

For tapt er alt det dei hadde att.

37 Kvart hovud er snauklipt,

alt skjegg er raka av.

Alle har rispa opp hendene

og har sekkestrie om hoftene.

38 På alle tak og torg i Moab lyder klage.

For eg har slege Moab sund

lik eit kar som ingen bryr seg om,

seier Herren.

39 Knust er ho. Skrik!

Moab har snudd ryggen til i skam.

No blir Moab til latter og til redsle

for alle grannane sine.


40 For så seier Herren:

Sjå, han stuper som ei ørn

og breier vengene ut over Moab.

41 Byane blir inntekne, festningane tekne.

Den dagen skal hjartet i Moabs krigarar

vera som hjartet til ei kvinne i barnsnaud.

42 Moab blir utsletta som folk

fordi dei har vist hovmod mot Herren.

43 Det blir gru og grav og garn

for deg som bur i Moab!

seier Herren.

44 Den som flyktar frå gru,

skal falla i grav,

kjem han seg opp or grava,

skal han bli fanga i garnet.

For eg sender rekneskaps år over Moab,

seier Herren.


45 I skuggen av Hesjbon

står utslitne flyktningar.

For eld går ut frå Hesjbon,

ein loge frå Sihon.

Han skal øyda Moabs tinning

og skallen på dei som bråkar.

46 Ve deg, Moab!

Det er ute med Kemosj-folket.

For sønene dine blir tekne til fange,

og døtrene må gå i fangenskap.


47 Men eg skal venda lagnaden for Moab

i dagar som kjem,

seier Herren.


Så langt dommen over Moab.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.