Gå til forsiden

Jeremia

50

Babel

1 Dette ordet tala Herren gjennom profeten Jeremia om Babel, landet til kaldearane:


2 Kunngjer det mellom folkeslaga, lat det høyrast!

Lyft banneret, lat det høyrast!

Løyn det ikkje, men sei:

Babel er teken,

Bel har vorte til skamme,

og Marduk er slegen av skrekk.

Gudebileta har vorte til skamme,

avgudane er slegne av skrekk.

3 For eit folkeslag frå nord rykkjer fram

og gjer landet til øydemark

så ingen kan bu der;

både menneske og dyr flyktar og dreg bort.


4 I dei dagane og på den tida,

seier Herren,

skal israelittane koma

og judearane saman med dei.

Gråtande skal dei gå

og søkja Herren sin Gud.

5 Dei spør etter Sion,

dit vender dei andletet:

«Kom, lat oss slutta oss til Herren

i ei evig pakt som aldri blir gløymd!»


6 Folket mitt var bortkomne sauer,

gjetarane førte dei vill,

på avvegar i fjella.

Dei gjekk frå fjell til haug

og gløymde kvar dei skulle kvila.

7 Alle som møtte dei, ville eta dei.

Fienden sa: «Vi gjer ingen urett,

for dei har synda mot Herren,

han som er deira rette beitemark,

Herren, vona til fedrane deira.»


8 Flykt bort frå Babel,

dra ut frå landet til kaldearane,

gå som bukkar framfor flokken.

9 For sjå, eg vekkjer ei stor forsamling

av folkeslag frå landet i nord

og fører dei opp mot Babel.

Dei stiller opp til strid mot byen

og tek han.

Dei skyt piler som ein dugande krigar,

ein som aldri kjem tomhendt att.

10 Landet til kaldearane blir krigsbytte,

alle som plyndrar det, blir mette,

seier Herren.


11 No kan de vera glade,

no kan de jubla,

de som plyndra eigedomen min.

De hoppar som kalvar i graset

og vrinskar som sterke hingstar.

12 Mor dykkar skjemmest djupt,

ho som fødde dykk, blir til spott.

Sjå, ho er sist av folkeslaga,

ein ørken, tørt land, ei øydemark.

13 Fordi Herren er harm, skal ingen bu der,

heile landet skal bli til ein ørken.

Alle som går forbi Babel,

skal bli forfærde og plystra hånleg

over såra ho har fått.


14 Still dykk opp kring Babel,

alle bogeskyttarar!

Skyt mot henne, spar ikkje på pilene,

for ho har synda mot Herren.

15 Lyft hærrop mot henne frå alle kantar!

Ho gjev seg over!

Støttene hennar er falne, murane brotne ned.

For dette er Herrens hemn.

Hemn dykk på henne,

gjer med henne slik ho sjølv har gjort!

16 Rydd ut or Babel han som sår,

og han som svingar sigden

når det er tid for å hausta.

Frå sverdet som herjar, skal kvar og ein

venda seg til sitt eige folk

og flykta til sitt eige land.


17 Israel var ein sau som gjekk vill,

løver hadde drive han på flukt.

Først åt Assur-kongen han opp,

så har kong Nebukadnesar av Babel

gnege av beina.


18 Difor seier Herren over hærskarane, Israels Gud:

Sjå, eg vil straffa kongen av Babel

og landet hans

slik eg straffa kongen av Assur.

19 Så fører eg Israel tilbake

til beitemarkene hans.

Han skal beita på Karmel og i Basan,

på Efraim-fjellet og i Gilead

skal han bli mett.


20 I dei dagane og på den tida,

seier Herren,

skal dei leita etter Israels skuld, men ho er der ikkje,

etter Judas synd, men ho finst ikkje,

for eg tilgjev dei eg lèt vera att.


21 Dra opp mot Meratajim-landet

og gå til åtak på det!

Gå mot dei som bur i Pekod,

forfølg dei med sverd og slå dei med bann!

Gjer alt det eg byd deg,

seier Herren.


22 Det er krigslarm i landet,

eit stort samanbrot.

23 Knust og knekt

er all verdsens hammar.

Babel har vorte

ei øydemark mellom folkeslaga!

24 Eg sette snarer for deg, Babel,

og før du visste av det, var du fanga.

Du vart funnen og gripen

fordi du gjekk til strid mot Herren.

25  Herren har opna våpenlageret

og teke fram sin harmes våpen,

for Herren, allhærs Gud,

har arbeid å gjera i landet til kaldearane.

26 Rykk fram mot landet frå alle kantar!

Lat opp kornkammera,

kast kornet opp i haugar,

slå det med bann og øydelegg det,

lat ingenting vera att!

27 Hogg alle oksane deira med sverd,

send dei til slakting!

Ve dei! Dagen deira er komen,

tida då dei må gjera rekneskap.

28 Høyr, dei flyktar

og kjem seg bort frå Babel

for å fortelja i Sion

at Herren vår Gud har teke hemn,

hemn for sitt tempel.


29 Kall bogeskyttarane saman mot Babel,

alle som kan spenna ein boge.

Kringset byen frå alle kantar,

lat ingen sleppa unna!

Lat Babel få att for gjerningane sine,

gjer mot henne det ho sjølv har gjort.

For ho har handla overmodig mot Herren,

mot Israels Heilage.

30 Difor skal dei unge mennene hennar

falla på torga,

alle krigarane hennar skal drepast den dagen,

seier Herren.

31 Eg kjem over deg, du overmodige,

seier Herren, allhærs Gud.

For no er dagen komen for deg,

den tid då eg krev deg til rekneskap.

32 Den overmodige skal snubla og falla,

og ingen skal reisa han opp.

Eg set eld på byane hans,

og elden skal øyda alt ikring.


33 Så seier Herren over hærskarane:

Israelittane er undertrykte

og judearane òg.

Alle som førte dei i fangenskap,

held dei fast,

dei nektar å sleppa dei fri.

34 Men han som løyser dei ut, er sterk.

Herren over hærskarane er hans namn.

Han vil føra deira sak

og gje jorda ro,

men uroa dei

som bur i Babel.


35 Sverd mot kaldearane! seier Herren.

Sverd mot dei som bur i Babel,

mot hennar stormenn og vismenn!

36 Sverd mot orakelprestane!

Dei er tåpelege.

Sverd mot krigarane!

Dei skal bli slegne av skrekk.

37 Sverd mot hestar og vogner,

mot alt blandingsfolket der!

Dei blir som kvinner.

Sverd mot skattkammera!

Dei blir rana.

38 Tørke mot vatnet!

Det tørkar bort.

For dette er landet for gudebilete,

dei blir galne av skrekkbileta sine.

39 Difor:

Ørkendyr og hyenar skal slå seg ned,

og strutsar skal halda til der.

Aldri skal byen byggjast meir,

frå slekt til slekt skal ingen bu der.

40 Det skal gå som då Gud øydela

Sodoma og Gomorra og grannebyane,

seier Herren.

Ingen skal bu der,

ikkje eit menneske slå seg ned.


41 Sjå, det kjem eit folk frå nord,

eit stort folkeslag og mange kongar

bryt opp frå ytste enden av jorda.

42 Dei har boge og sabel i handa,

dei er grufulle og viser ingen nåde.

Larmen drønnar som havet.

På hestar kjem dei ridande,

rusta til krig mot deg, dotter Babel.

43 Då kongen av Babel høyrde ryktet om dei,

vart hendene hans slappe.

Trengsle greip han,

rier som hos ei fødande kvinne.


44 Sjå, lik løva som kjem opp

frå den tette Jordan-skogen

til sletta som alltid er grøn,

slik skal eg på ein augneblink

driva dei bort frå landet.

Kven er den utvalde som eg skal setja over det?

For kven er som eg?

Kven kan stemna meg?

Kven er den gjetaren som kan stå for mitt andlet?

45 Difor, høyr kva avgjerd

Herren har teke om Babel,

kva plan han har lagt

mot landet til kaldearane.

Sanneleg, dei minste av sauene skal slepast bort,

og beitemarkene deira skal bli aude.

46 Ropet «Babel er teken!»

får jorda til å skjelva,

og skriket skal høyrast mellom folkeslaga.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.