Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Jeremia

52

Jerusalems fall

1 Sidkia var tjueein år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve år. Mor hans heitte Hamutal og var dotter til Jeremia frå Libna. 2 Sidkia gjorde det som vondt var i Herrens auge, i eitt og alt som Jojakim hadde gjort. 3 Fordi Herren var vreid på Jerusalem og Juda, gjekk det som det gjorde, og til sist kasta han dei bort frå sitt andlet.

Sidkia gjorde opprør mot kongen av Babel. 4 Då drog Nebukadnesar med heile sin hær mot Jerusalem. Det var i det niande styringsåret til Sidkia, den tiande dagen i den tiande månaden. Dei slo leir utfor byen og bygde ein voll rundt han. 5 Og byen var kringsett til kong Sidkias ellevte styringsår. 6 Den niande dagen i den fjerde månaden, då hungersnauda var som verst og folket ikkje hadde meir mat, 7 braut fienden gjennom bymuren. Om natta flykta alle krigarane og forlét byen gjennom porten mellom dei to murane, ved kongens hage, endå kaldearane hadde kringsett byen. Og dei tok vegen mot Araba-sletta.

8 Men kaldearhæren sette etter kong Sidkia og nådde han att på slettene ved Jeriko. Då hadde heile hæren flykta frå han og var spreidd. 9 Kongen vart gripen og ført opp til Ribla i Hamat-landet, til kongen av Babel, som felte dommen over han. 10 Kongen av Babel drap sønene til Sidkia medan han såg på. Alle leiarane i Juda drap han òg der i Ribla. 11 Så stakk han ut auga på Sidkia. Kongen av Babel batt han med bronselenkjer og førte han til Babel. Der vart han halden i fengsel til sin døyande dag.

12 Den tiande dagen i den femte månaden – det var i det nittande styringsåret til Nebukadnesar – kom ein av dei fremste mennene til Babel-kongen til Jerusalem. Han heitte Nebusaradan og var sjef for livvakta. 13 Nebusaradan sette Herrens hus og kongeborga i brann. Alle husa og palassa i Jerusalem brende han opp. 14 Og heile kaldearhæren som stod under kommandoen hans, reiv murane rundt Jerusalem. 15 Så førte Nebusaradan i eksil nokre av dei fattigaste i folket og dei som var att i byen, og dei som hadde falle frå og gått over til Babel-kongen, og resten av handverkarane. 16 Berre ein del av dei fattigaste i landet lét Nebusaradan vera att; dei skulle arbeida på vinmarkene og på åkrane.

17 Kaldearane slo sund bronsesøylene i Herrens hus, vognstativa og bronsehavet som stod der. All bronsen førte dei til Babel. 18 Dei tok oskefata og eldskuffene, lysesaksene, offerskålene og røykjelsesskålene og alt utstyr av bronse som hadde vore i bruk i gudstenesta. 19 Sjefen for livvakta tok òg med seg alt som var av gull og sølv: bollane og glopannene, offerskålene og oskefata, lysestakane, røykjelsesskålene og kannene til drikkofferet. 20 Dei to søylene, det eine havet, dei tolv bronseoksane under det og vognstativa som Salomo hadde laga til Herrens hus – alle desse tinga inneheldt så mykje bronse at dei ikkje kunne vegast. 21 Begge søylene var atten alner høge og tolv alner i omkrins. Dei var fire fingrar tjukke og hole. 22 Begge hadde eit søylehovud av bronse, og kvart søylehovud var fem alner høgt. Rundt om på søylehovudet var det slyngornament av granateple, alt saman av bronse. Slik var begge søylene. 23 Nittiseks granateple hang fritt. I alt var det hundre granateple rundt om på slyngornamenta.

Judearane blir førte i eksil til Babel

24 Sjefen for livvakta tok med seg øvstepresten Seraja og Sefanja, presten under han, og dei tre dørvaktarane. 25 Frå byen tok han med seg ein hoffmann som hadde tilsyn med krigarane, sju av kongens fremste tenestemenn som endå var i byen, dessutan skrivaren til hærføraren, han som skreiv ut folk i landet til krigsteneste, og seksti mann av folket elles som fanst i byen. 26 Alle desse tok Nebusaradan, sjefen for livvakta, med seg. Han førte dei til Babel-kongen i Ribla, 27 og kongen slo dei i hel der, i Ribla i Hamat-landet. Slik vart folket i Juda ført bort frå landet sitt.

28 Dette er folket som Nebukadnesar førte i eksil: i det sjuande styringsåret 3023 frå Juda, 29 i Nebukadnesars attande år 832 frå Jerusalem. 30 I Nebukadnesars tjuetredje år førte Nebusaradan, livvaktsjefen, 745 judearar i eksil. Til saman var det 4600 personar.

Kong Jojakin blir teken til nåde

31 I det trettisjuande året etter at Juda-kongen Jojakin var bortført, den tjuesjuande dagen i den tolvte månaden i det året han sjølv vart konge, tok Babel-kongen Evil-Merodak Juda-kongen Jojakin til nåde og henta han ut or fengselet. 32 Han snakka venleg med han og gav han den fremste plassen mellom dei andre kongane som var hos han i Babel. 33 Jojakin fekk leggja av fangedrakta, og han åt alltid ved kongens bord så lenge han levde. 34 Sitt daglege brød fekk han av Babel-kongen, dag for dag så lenge han levde, til sin døyande dag.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.