Gå til forsiden

Jeremia

6

Ei ulukke trugar

1 Berg dykk, benjaminittar,

bort frå Jerusalem!

Blås i horn i Tekoa,

tenn varden på Bet-Hakkerem!

For ei ulukke trugar frå nord,

eit stort samanbrot.

2 Den vakre og bortskjemde dotter Sion

gjer eg ende på.

3 Mot henne skal gjetarar koma

med saueflokkane sine.

Dei slår opp telt ikring henne,

og kvar beiter sitt stykke snautt.


4 Lys heilag krig mot henne!

Kom, lat oss gå til åtak midt på dagen!

Ve oss, det lid mot kveld,

og skuggane blir lange.

5 Kom, lat oss gå til åtak i natt

og øydeleggja borgene hennar!


6 Så seier Herren over hærskarane:

Fell tre og kast opp ein voll mot Jerusalem!

Ho er byen som skal krevjast til rekneskap,

ho er full av undertrykking.

7 Som ei kjelde held vatnet kaldt,

slik held byen vondskapen kald.

Der høyrer ein om vald og ran,

alltid ser eg sjukdom og sår.


8 Lat deg refsa, Jerusalem,

elles bryt eg med deg

og gjer deg til ein aud stad,

eit land der ingen kan bu.

Uomskorne øyre

9 Så seier Herren over hærskarane:

Hald etterhaust på Israels rest

som de gjer med vinstokken!

Gå endå ein gong over rankene med handa

lik ein som plukkar druer!


10 «Kven skal eg tala til

og åtvara slik at dei høyrer?

Sjå, dei har uomskorne øyre

og kan ikkje høyra etter.

Sjå, Herrens ord er spott for dei,

og dei bryr seg ikkje om det.

11 Men eg er full av Herrens harme,

eg er trøytt av å halda han att.»


Så aus han ut over borna på gata

og over flokken av unge menn som samlar seg!

Både mann og kvinne skal fangast,

gamle menn og oldingar.

12 Andre skal overta husa deira,

markene og kvinnene òg.

For no lyfter eg handa

mot dei som bur i landet,

seier Herren.


13 For alle saman,

små og store,

skaffar seg urett vinning.

Profet og prest,

alle fer med svik.

14 Lettvint lækjer dei brotet i folket mitt,

dei seier: «Fred, fred!»

Men det er ikkje fred.


15 Dei skal bli til skamme,

for dei har gjort avskyelege ting.

Likevel skjemmest dei ikkje,

veit ikkje kva vanære er.

Difor skal dei falla mellom dei som er falne.

Den timen eg krev rekneskap,

skal dei snubla, seier Herren.

Spør etter dei gamle stigane

16 Så seier Herren:

Still dykk på vegane og sjå!

Spør etter dei gamle stigane,

etter vegen til det gode!

Gå på den,

så skal de finna kvile for dykkar liv.

Men dei svara: «Vi vil ikkje gå der.»

17 Eg sette vaktmenn over dykk.

Lytt når hornet gjallar!

Men dei svara: «Vi vil ikkje lytta.»


18 Difor, høyr, de folkeslag,

og forstå, de som er samla,

kva som skjer med dei.

19 Høyr, du jord!

Sjå, eg fører ulukke over dette folket,

frukta av deira eigne planar.

For dei lytta ikkje til mine ord,

og dei forakta mi lov.

20 Kva skal eg med røykjelse frå Saba

og det beste krydder frå fjerne land?

Brennoffera dykkar tek eg ikkje imot,

slaktoffera gleder meg ikkje.


21 Difor seier Herren:

Sjå, eg legg snublesteinar

for dette folket.

Både fedrar og søner

skal snubla i dei,

granne og neste

skal gå under.

Fienden frå nord

22 Så seier Herren:

Sjå, det kjem eit folk frå landet i nord,

eit stort folkeslag bryt opp

frå ytste enden av jorda.

23 Dei har boge og sabel i handa,

dei er grufulle og viser ingen nåde.

Larmen drønnar som havet,

på hestar kjem dei ridande,

rusta til krig mot deg, dotter Sion.


24 Då vi høyrde ryktet,

vart hendene våre slappe,

trengsle greip oss,

rier som hos ei fødande kvinne.

25 Gå ikkje ut på marka,

ferdast ikkje på vegen,

for fienden har sverd,

redsle rår på alle kantar.

26 Mitt folk, mi dotter,

bind sekkestrie om deg

og velt deg i oske!

Hald sørgjehøgtid over einaste sonen din,

ei bitter klage.

For brått kjem øydeleggjaren over oss.

Profeten skal prøva folket

27 Eg har sett deg til å prøva folket mitt

slik ein prøver gull,

du skal kjenna og prøva deira vegar.

28 Alle er trassige opprørarar,

dei fer med sladder,

dei er bronse og jern,

øydeleggjarar er dei alle.

29 Blåsebelgen er svidd av elden,

blyet er fjerna.

Men det nyttar ikkje å smelta,

dei vonde blir ikkje utskilde.

30 Forkasta sølv skal dei kallast,

for Herren har forkasta dei.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.