Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
Neste kapittel > |
1Ord av Jeremia, son til Hilkia, ein av prestane i Anatot i Benjamin-landet.
2 Herrens ord kom til han i dei dagane då Josjia, son til Amon, var konge i Juda, i det trettande styringsåret hans,
3 og i dei dagane då Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda, heilt til slutten av det ellevte året då Sidkia, son til Josjia, var konge i Juda, då Jerusalem vart ført i eksil i den femte månaden.
Herren kallar Jeremia til profet 4 Herrens ord kom til meg: 5 «Før eg forma deg i mors liv, kjende eg deg, før du vart fødd, helga eg deg, til profet for folkeslaga sette eg deg.» 6 Men eg sa: «Å, min Herre og Gud! Sjå, eg kan ikkje tala, eg er for ung!» 7 Då sa Herren til meg: «Du skal ikkje seia: Eg er ung! Overalt der eg sender deg, skal du gå, og alt eg byd deg, skal du seia. 8 Ver ikkje redd dei, eg er med deg og skal berga deg, seier Herren.» 9 Herren rette ut handa og rørte ved munnen min. Så sa Herren til meg: «No legg eg orda mine i din munn. 10 Sjå, eg set deg i dag over folk og rike til å rykkja opp og riva ned, til å øydeleggja og knusa, til å byggja og planta.» To syn 11 Herrens ord kom til meg: «Kva ser du, Jeremia?» Eg svara: «Eg ser ei grein av eit vaketre.» 12 Då sa Herren til meg: «Godt sett! For eg vil vaka over mitt ord og setja det i verk.» 13 Herrens ord kom til meg for andre gong: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ei kokande gryte, ho hallar hit frå nord.» 14 Då sa Herren til meg: Frå nord skal ulukka hellast ut over alle som bur i landet. 15 For no kallar eg på alle kongeslektene i nord, seier Herren. Dei skal koma og reisa kvar si trone ved Jerusalems portopningar, mot alle murane ikring og mot alle byane i Juda. 16 Då vil eg seia min dom over dei for all deira vondskap, dei som forlét meg, tende offereld for andre gudar og tilbad verk av eigne hender. 17 Men du skal spenna beltet om livet, stå fram og seia til dei alt det eg byd deg. Ver ikkje redd dei, elles slår eg deg med redsle for dei. 18 Sjå, eg gjer deg i dag til ein festningsby, til ei jernstøtte og ein bronsemur mot heile landet, mot kongane i Juda, mot leiarane og prestane og folket i landet. 19 Dei skal gå til krig mot deg, men ikkje vinna. For eg er med deg, seier Herren. Eg skal berga deg. |
Neste kapittel > |
09. juni 2023
1Her begynner evangeliet om Jesus Kristus, Guds Sønn. 2Hos profeten Jesaja står det skrevet: Se, jeg sender min budbærer foran deg, han skal rydde veien for deg. 3En røst roper i ødemarken: Rydd Herrens vei, gjør hans stier rette! ... Vis hele teksten
1Her begynner evangeliet om Jesus Kristus, Guds Sønn. 2Hos profeten Jesaja står det skrevet: Se, jeg sender min budbærer foran deg, han skal rydde veien for deg. 3En røst roper i ødemarken: Rydd Herrens vei, gjør hans stier rette! 4Slik sto døperen Johannes fram i ødemarken og forkynte en omvendelsesdåp som ga tilgivelse for syndene. 5Fra hele Judea og Jerusalem dro alle ut til ham. De bekjente syndene sine og ble døpt av ham i Jordanelven. 6Johannes gikk kledd i en kappe av kamelhår og hadde et lærbelte om livet, og han levde av gresshopper og villhonning. 7Han forkynte: «Det kommer en etter meg som er sterkere enn jeg, og jeg er ikke verdig til å bøye meg ned og løse sandalremmen hans. 8Jeg har døpt dere med vann, men han skal døpe dere med Den hellige ånd.»
1Her byrjar evangeliet om Jesus Kristus, Guds Son. 2Hos profeten Jesaja står det skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydda vegen for deg. 3Ei røyst ropar i øydemarka: Rydd Herrens veg, gjer stigane hans rette! ... Vis hele teksten
1Her byrjar evangeliet om Jesus Kristus, Guds Son. 2Hos profeten Jesaja står det skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydda vegen for deg. 3Ei røyst ropar i øydemarka: Rydd Herrens veg, gjer stigane hans rette! 4Slik stod døyparen Johannes fram i øydemarka. Han forkynte ein omvendingsdåp som gav tilgjeving for syndene. 5Frå heile Judea og Jerusalem drog alle ut til han. Dei sanna syndene sine og vart døypte av han i Jordanelva. 6Johannes gjekk i ei kappe av kamelhår og hadde eit lêrbelte om livet, og han levde av grashopper og villhonning. 7Han forkynte: «Det kjem ein etter meg som er sterkare enn eg, og eg er ikkje verdig til å bøya meg ned og løysa sandalreima hans. 8Eg har døypt dykk med vatn, men han skal døypa dykk med Den heilage ande.»
1Ná álgá Jesus Kristusa, Ipmila Bártni, evangelium. 2Profehta Jesaja girjái lea čállojuvvon: Mun vuolggahan iežan áirasa du ovdal, son ráhkada dutnje geainnu. 3Jietna čuorvu meahcis: Ráhkadehket Hearrái geainnu, njulgejehket su bálgáid! ... Vis hele teksten
1Ná álgá Jesus Kristusa, Ipmila Bártni, evangelium. 2Profehta Jesaja girjái lea čállojuvvon: Mun vuolggahan iežan áirasa du ovdal, son ráhkada dutnje geainnu. 3Jietna čuorvu meahcis: Ráhkadehket Hearrái geainnu, njulgejehket su bálgáid! 4Johannes gásttašeaddji sárdnidii meahcis ahte olbmot galge dahkat jorgalusa ja gásttašuvvot suttuid ándagassii addojupmin 5Su lusa bohte ollu olbmot Jerusalemis ja miehtá Judea. Sii dovddastedje suttuideaset, ja Johannes gásttašii sin Jordaneanus. 6Johannesa gárvun lei kamelguolgabivttas ja alimiid birra náhkkeboagán, ja su borramuš lei rásselohkut ja meahccehonnet. 7Son sárdnidii: “Mu maŋŋil boahtá son guhte lea gievrrat go mun. Mun in leat dohkálaš čoavdit su gámagarccaidge. 8Mun lean gásttašan din čáziin, muhto son gásttaša din Bassi Vuoiŋŋain.”