Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Job

10

Kunngjer klagemålet

1 Eg avskyr mitt eige liv.

No gjev eg mi klage fritt løp,

vil tala med bittert sinn.

2 Eg seier til Gud: Ikkje døm meg skuldig!

Lat meg få vita kvifor du fører sak mot meg!

3 Har du glede av å undertrykkja,

av å vraka dine henders verk,

medan du lèt sola gå opp

over planane til urettferdige?

4 Har du auge som eit menneske,

ser du slik skapningar ser?

5 Er dine dagar som menneskedagar

og dine leveår som mannens år?

6 For du spør etter mi skuld

og leitar etter mi synd,

7 endå du veit at eg ikkje er skuldig.

Ingen kan bergast frå di hand.


8 Di hand forma og laga meg,

men no angrar du og utslettar meg!

9 Hugs, du laga meg av leire,

og no lét du meg venda attende til støv!

10 Du helte meg opp som mjølk

og lét meg storkna som ost.

11 Du kledde meg med hud og kjøt,

med knoklar og sener vov du meg.

12 Du gav meg liv og alt som godt er,

du verna og vakta mi livskraft.

13 Men dette gøymde du i hjartet,

dette veit eg du hadde i tankar:

14 Om eg syndar, vaktar du på meg

og vil ikkje frikjenna meg for skuld.

15 Er eg skuldig, så ve meg!

Og sjølv om eg har rett, kan eg ikkje lyfta hovudet;

eg er mett av skam og har nok av naud.

16 Står eg likevel oppreist, jagar du meg som ei løve,

igjen og igjen gjer du underlege ting mot meg.

17 Du finn nye vitne mot meg,

viser meg aukande uvilje

og sender hær etter hær mot meg.


18 Kvifor hjelpte du meg ut or mors liv?

Var eg berre død før noko auge fekk sjå meg!

19 Då var eg som om eg aldri var til,

boren frå mors liv til grava.

20 Kor få mine levedagar er!

Kan han ikkje la meg vera,

så får eg litt glede

21 før eg går bort til landet med mørker og dødsskugge

og aldri vender attende,

22 eit land så mørkt som svarte natta,

der det rår dødsskugge, ikkje orden,

der lyset er som mørkret.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.