Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Job

14

Mine lånte dagar

1 Mennesket, fødd av ei kvinne,

lever kort og er fylt av uro.

2 Det spirer som blomen og visnar,

flyktar som skuggen, står ikkje i ro.

3 Likevel held du auge med det,

du stemner meg for din domstol.

4 Kan det koma ein rein av ein urein?

Nei, ikkje ein einaste.

5 Når dagane til mennesket er fastsette,

når du har bestemt månadstalet for det,

sett grensa det ikkje kan bryta,

6 vend då blikket bort og lat det vera,

så kan det gleda seg ved sine lånte dagar.


7 For eit tre finst det håp:

Blir det felt, veks det opp att,

det skal ikkje mangla friske skot.

8 Om røtene i jorda blir gamle

og stubben morknar i støvet,

9 så spirer det på nytt ved eimen av vatn,

set skot som eit nyplanta tre.

10 Men når mannen døyr, er det ute med han;

når mennesket går bort, kvar er det då?

11 Slik vatnet forsvinn frå sjøen,

slik elva minkar og tørkar ut,

12 slik ligg mannen og reiser seg ikkje.

Han vaknar ikkje om så himmelen forgår,

han står ikkje opp frå søvnen.


13 Om du ville gøyma meg i dødsriket,

løyna meg til vreiden din er over,

setja ein frist og så igjen hugsa på meg!

14 Kunne ein mann som døydde, få liv att,

då skulle eg halda ut i striden

heilt til det kom avløysing for meg.

15 Då kunne du ropa, og eg ville svara,

for du lengta etter dine henders verk.

16 Då ville du telja stega mine

utan å vakta på mi synd.

17 Mine brot var bunta saman med segl,

eit dekke drog du over mi skuld.


18 Men nei: Som fjellet fell og forvitrar,

slik berg vik frå sin plass,

19 slik vatnet holar ut steinen

og regnskurer skyl moldjorda bort,

slik gjer du ende på håpet for mennesket.

20 Du overmannar han for alltid, og han må gå bort.

Du sender han vekk med fordreia andlet.

21 Borna hans får ære, men han veit det ikkje,

det går dei dårleg, men han anar det ikkje;

22 så stor smerte har han i kroppen,

så stor sorg har han i livet.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.