Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Job

18

Bildad: Redsler for den ugudelege

1 Då tok Bildad frå Sjuah til ords og sa:


2 Kor lenge? Når vil de gjera slutt på pratinga?

Tenk dykk om, og så kan vi snakka saman!

3 Kvifor skulle vi bli rekna som fe?

Er vi så dumme i dykkar auge?


4 Raseriet ditt riv deg sund.

Skulle jorda bli lagd aud for di skuld,

og berget flytta seg?

5 Lyset til den urettferdige brenn ut,

logen frå elden lyser ikkje meir.

6 Lyset i teltet hans går ut,

og lampa sloknar for han.

7 Hans sterke steg blir hindra,

hans eigen plan feller han.

8 Føtene hans går i garnet,

han blir fanga i nettet.

9 Ei snare sit rundt hælen,

ei lykkje held han fast.

10 Eit reip ligg gøymt på jorda,

ei felle på hans stig.


11 Redslene omringar han,

dei jagar i hælane på han.

12 Ulukke hungrar etter han.

Undergang ventar på hans fall.

13 Sjukdom fortærer huda hans.

Dødens førstefødde et han opp.

14 Han blir riven bort frå sitt trygge telt

og ført til redslekongen.

15 Redsla slår seg ned i teltet han forlét.

Svovel regnar over buplassen hans.

16 Nede tørkar røtene hans,

oppe visnar greinene.

17 Minnet om han blir borte frå landet,

han har ikkje meir eit namn der ute.

18 Han blir driven frå lyset til mørkret,

blir jaga frå verda.

19 Born har han ikkje,

ingen etterkomar i folket,

ingen overlevande der han budde.

20 På hans dag grøssar dei i vest,

i aust blir dei gripne av redsle.


21 Sanneleg, slik går det med bustaden til vonde menneske,

med staden til den som ikkje kjenner Gud.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.