Gå til forsiden

Job

22

Elifas: Forlik deg med Gud

1 Då tok Elifas frå Teman til ords og sa:


2 Kan vel ein mann hjelpa Gud?

Nei, den kloke hjelper berre seg sjølv.

3 Har Den veldige glede av di rettferd?

Tener han på at du er heil i di ferd?

4 Er det for gudsfrykta di han klagar deg

og stemner deg for retten?

5 Er ikkje vondskapen din stor

og skulda utan ende?

6 Du tok pant frå brørne dine utan grunn,

drog av dei siste plagga deira.

7 Den utmatta nekta du vatn,

du heldt brød tilbake frå den svoltne.

8 Den sterke eigde landet,

den fornemme fekk bu der.

9 Enkjer sende du tomhendte bort,

du knuste styrken til dei farlause.


10 Difor er snarer sette omkring deg,

brå redsle grip deg.

11 Eller ser du ikkje mørkret,

vassflaumen som kjem over deg?

12 Er ikkje Gud høgt i himmelen?

Sjå dei øvste stjernene, kor langt oppe dei er!

13 Du seier: «Kva veit vel Gud?

Kan han dømma gjennom tett skodde?

14 Skyer dekkjer så han ikkje ser

der han vandrar over himmelbogen.»

15 Vil du følgja den gamle stigen

som ugjerningsmenn gjekk,

16 dei som vart rivne for tidleg bort

då flaumen skylde vekk grunnvollen deira?

17 Dei hadde sagt til Gud: «Gå frå oss!

Kva gjer vel Den veldige for oss?»

18 Men han hadde fylt husa deira med alt godt.

Lat planane til urettferdige vera langt frå meg!

19 Dei rettferdige såg det og jubla,

dei uskuldige spotta:

20 «Der forsvinn motstandarane våre,

og elden fortærer restane.»


21 Forlik deg med han og slutt fred,

så får du alt godt tilbake.

22 Ta imot rettleiing frå hans munn,

legg deg talen hans på hjartet.

23 Vend attende til Den veldige,

så får du oppreising.

Hald urett borte frå teltet ditt!

24 Kast gullet ditt i støvet,

Ofir-gullet mellom steinar i bekken,

25 så skal Den veldige vera gull for deg,

ja, det finaste sølv.

26 Du har di glede i Den veldige.

Du lyfter andletet mot Gud.

27 Du bed til han, og han høyrer deg.

Du innfrir det du har lova.

28 Det du set deg føre, skal lukkast.

Lys skal stråla over vegane dine.

29 Når det går nedover, skal du seia: «Opp!»

Han frelser dei som slår auga ned.

30 Han bergar jamvel den som ikkje er uskuldig;

ved dine reine hender blir han berga.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.