Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Job

24

Gud bryr seg ikkje om urett

1 Når tidene som går, ikkje er løynde for Den veldige,

kvifor får ikkje dei som kjenner han, sjå hans dagar?


2 Folk flytter grensesteinar.

Dei stel småfe og sender dei på beite.

3 Eselet til farlause hentar dei.

Dei tek pant i oksane til enkjer.

4 Dei tvingar fattigfolk av vegen,

dei hjelpelause i landet må gøyma seg.

5 Som villesel i ørkenen går dei til si gjerning.

Dei jaktar på bytte i øydemarka, mat for borna sine.

6 Dei sankar aks på åkrane,

etterhaust på vinmarkene til dei urettferdige,

7 nakne mot natta, utan klede

og utan vern mot kulden.

8 Regnet i fjellet gjer dei våte.

Utan livd trykkjer dei seg mot berget.


9 Somme riv farlause born frå morsbrystet.

Dei krev pant av fattige,

10 av dei som går omkring utan klede,

dei som svoltne må bera på kornband.

11 Dei pressar olje mellom trerekkjene,

dei trakkar vinpressa, men tørstar.

12 Frå byen høyrest stønn av døyande,

såra skrik om hjelp.

Men Gud bryr seg ikkje om deira bøn.


13 Andre gjer opprør mot lyset.

Dei kjenner ikkje lysets vegar,

held seg ikkje til lysets stigar.

14 Ein mordar står opp før sola,

han drep hjelpelause og fattige,

om natta er han som ein tjuv.

15 Horkarens auge vaktar på skumringa:

«Ingen ser meg», seier han

og dekkjer andletet til.

16 I mørkret bryt dei seg inn i hus.

Om dagen stengjer dei seg inne:

Dei vil ikkje vita av lyset.

17 For dei er dødsskugge som ein morgon.

Dei kjenner til skremslene frå dødsskuggen.


18 Dei forsvinn som krusingar på vatnet.

Deira arvedel i landet er forbanna,

ingen tek vegen til vinmarkene deira.

19 Tørke og hete tek snøvatnet bort,

dødsriket sluker dei som syndar.

20 Morslivet gløymer dei,

makken fortærer dei,

ingen minnest dei meir.

Uretten blir knekt som eit tre.

21 Dei var vonde mot den barnlause, ho som ikkje fødde,

og gjorde ikkje godt mot enkjer.

22 Gud riv dei sterke bort med sin styrke.

Når han reiser seg, er ingen sikker for sitt liv.

23 Han gjev dei tryggleik og støtte,

men auga hans følgjer vegane deira.

24 Ei stund er dei opphøgde, så er det slutt.

Dei bøyest som alle andre og visnar,

blir skorne som mogne aks.


25 Er det ikkje slik?

Kven kan seia at eg lyg?

Kven kan gjera orda mine til inkjes?

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.