Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Job

Andre talerunden

Job 29,1–42,629

Job: Eg gjekk gjennom mørkret i hans lys

1 Job heldt fram med visdomstalen sin og sa:


2 Kunne eg få det som i farne månader,

dei dagane då Gud vakta over meg,

3 då hans lampe skein over hovudet mitt

og eg gjekk gjennom mørkret i hans lys,

4 slik eg hadde det i mine velmaktsdagar

då Gud var min fortrulege i mitt telt,

5 då Den veldige framleis var med meg

og borna mine var rundt meg,

6 då eg vassa i rømme

og bekker av olje rann frå berget hos meg.


7 Når eg gjekk ut til byporten

og tok sete på torget,

8 trekte dei unge seg tilbake så snart dei såg meg,

og dei gamle reiste seg og stod.

9 Hovdingar heldt orda attende,

la handa over munnen.

10 Stormenns røyster tagna,

tunga klistra seg til ganen.

11 Når dei fekk høyra om meg, prisa dei meg lukkeleg.

Kvar den som såg meg, tala lovord.


12 For eg redda den fattige som ropa om hjelp,

den farlause som ingen hjelpar hadde.

13 Den forkomne velsigna meg,

eg fekk enkjers hjarte til å jubla.

14 Rettferd var kleda eg kledde meg i,

rettsinn var som kappe og turban.

15 Eg var auge for den blinde

og føter for den lamme.

16 Eg var far for dei fattige

og granska saka for dei eg ikkje kjende.

17 Eg knuste kjeven på dei som gjorde urett,

og redda rovet ut av gapet på dei.


18 Eg sa: «Eg får døy blant mine eigne,

dagane mine blir talrike som sandkorn.

19 Røtene mine når til vatnet,

og nattedogg kviler i greinene.

20 Mi ære blir stadig fornya,

og bogen i handa mi får ny spenst.»


21 Dei lytta til meg og fekk håp,

dei tagde når eg gav dei råd.

22 Når eg hadde tala, tok ingen til motmæle;

orda mine draup ned over dei.

23 Dei venta på min tale som på regn,

med munnen open som mot vårregn.

24 Når eg smilte til dei, kunne dei ikkje tru det.

Dei ville ikkje sleppa lyset frå andletet mitt.

25 Eg valde veg for dei og sat som leiar,

trona som ein konge framfor hærflokken,

som ein trøystar for dei sørgjande.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.