Gå til forsiden

Job

34

Elihu: Kven kan dømma Gud?

1 Elihu tok igjen til ords og sa:


2 Høyr mine ord, de vise!

Lytt til meg, de som har kunnskap!

3 Øyret prøver jo orda

slik ganen smakar på maten.

4 Så lat oss velja det som er rett,

og saman finna ut kva som er godt.


5 Job har sagt: «Eg er rettferdig,

Gud har sett min rett til sides.

6 Eg har rett, men blir halden for løgnar.

Eg er utan synd, men ei drepande pil har såra meg.»

7 Finst det ein mann som Job?

Han fyller munnen med spott slik andre drikk vatn.

8 Han reiser i følgje med dei som gjer vondt,

og ferdast med dei urettferdige,

9 for han har sagt: «Ein mann har ikkje nytte

av å søkja gunst hos Gud.»


10 Men de forstandige, høyr heller på meg:

Det er langt frå Gud å vera urettferdig,

og frå Den veldige å gjera vondt.

11 Han gjev oss att for våre handlingar,

gjev løn etter gjerning.

12 Sann mine ord: Gud gjer ikkje urett,

Den veldige fordreiar ikkje retten.

13 Kven har gjeve han tilsyn med jorda,

kven har overlate heile verda til han?

14 Om han berre tenkte på seg sjølv

og heldt anden, pusten sin, tilbake,

15 då ville kvar levande skapning døy

og mennesket venda attende til støv.

16 Har du forstand, så høyr dette!

Lytt til det eg seier!

17 Kan ein som foraktar retten, dømma andre?

Dømmer du den skuldig som er mektig og rettferdig?

18 Vil nokon kalla kongen ein kjeltring,

eller seia: «skuldig» til stormenn?


19 Men Gud tek ikkje omsyn til hovdingar,

vel ikkje rikfolk framfor fattige.

Dei er alle verk av hans hand.

20 Dei døyr i hast midt på natta,

folk blir skaka opp og går til grunne.

Sjølv mektige vik, men ikkje for menneskehand.

21 Guds auge følgjer kvar manns vegar,

kvart steg ser han.

22 Ikkje noko mørker, ingen dødsskugge

kan løyna dei som gjer urett.

23 Han gjev ikkje lang frist

før mennesket må møta i Guds rett.

24 Han knuser mektige utan forhøyr,

set andre i deira stad.

25 Han legg merke til det dei gjer.

Ei natt slår han dei over ende og knuser dei.

26 Han straffar dei som lovlause

ein stad der alle ser.

27 For dei vende seg bort frå han

og gav ikkje akt på hans vegar.

28 Då nådde ropet frå dei fattige til han,

han høyrde skriket frå dei hjelpelause.

29 Om Gud teier, kven kan dømma han?

Om han løyner andletet, kven kan sjå han?

Han er over kvart folkeslag og kvart menneske,

30 så ingen ugudeleg får vera konge

og leggja snarer for folket.


31 Har vel du sagt til Gud:

«Eg har gjort ein eid og vil ikkje bruka vald.

32 Og det eg sjølv ikkje ser, må du visa meg

så eg ikkje held fram med å synda.»

33 Skal Gud løna deg som du ønskjer når du avviser han?

Det er du som må velja, ikkje eg.

Sei det du veit!

34 Kvar vis mann som høyrer på meg,

ja, alle forstandige menneske, vil seia til meg:

35 «Job talar utan kunnskap,

orda hans manglar meining.

36 Lat Job for alltid prøvast,

han svarar som ein ugjerningsmann.

37 Han legg brot til si synd

og spottar midt iblant oss,

bruker store ord mot Gud.»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.