Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Job

5

Gud sårar og lækjer

1 Rop berre! Er det nokon som svarar?

Kven av dei heilage vender du deg til?

2 Uro tek livet av den dumme,

sinne drep den godtruande.

3 Eg såg den dumme slå rot,

men brått måtte eg forbanna bustaden hans.

4 Borna hans var verjelause,

knuste i porten, og ingen hjelpte dei.

5 Dei svoltne åt opp avlinga hans,

tok henne, endåtil mellom tornar;

og dei tørste greip etter godset hans.

6 For ulukke skyt ikkje opp av støvet,

og liding gror ikkje opp av jorda.

7 Men mennesket er fødd til liding,

gneistar som flyg høgt i vêret.


8 Sjølv ville eg heller ha vendt meg til Gud,

ja, til han ville eg ha overgjeve mi sak,

9 han som gjer storverk ingen kan granska,

og under ingen kan telja.

10 Han gjev regn over jorda,

sender vatn ut over åker og eng.

11 Han reiser dei nedbøygde opp,

reddar og tryggjar dei sørgjande.

12 Han knuser planane til dei listige,

deira verk lukkast ikkje.

13 Han fangar dei vise i deira list,

snedige planar er forhasta.

14 Om dagen møter dei mørker,

ved middagstid famlar dei som om natta.

15 Så reddar han den fattige

frå dei mektiges sverd, munn og hender.

16 Då blir det håp for den svake.

Vondskapen lèt att sin munn.


17 Sæl er den som Gud viser til rette.

Du skal ikkje forakta formaning frå Den veldige!

18 For han sårar, og han bind om såra.

Han knuser, og hans hand lækjer.

19 Gjennom seks trengsler bergar han deg,

og i den sjuande skal ulukka ikkje nå deg.

20 I uår friar han deg frå døden

og i krig frå kvasse sverd.

21 Du er trygg for stikkande tunge

og fryktar ikkje komande ulukke.

22 Du ler av ulukke og hungersnaud

og fryktar ikkje dyra på jorda.

23 For du har ei pakt med steinane på marka.

Villdyra held fred med deg.

24 Du får oppleva fred i telta dine,

når du går over eigedomen, manglar du ingen ting.

25 Du får oppleva at ætta veks,

etterkomarane dine blir som gras på jorda.

26 Du går i grav i mogen alder

slik kornband blir samla i rett tid.


27 Ja, dette har vi granska, og slik er det.

Høyr det og ta det til deg!

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.