Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Job

9

Job: Han ler når uskuldige fortvilar

1 Job tok til ords og sa:


2 Eg veit godt korleis det er.

Kan eit menneske ha rett mot Gud?

3 Ville det føra sak mot han,

så kunne det ikkje svara på eit einaste ord av tusen.

4 Djup er hans visdom, og stor er hans kraft.

Kven trassar han og slepp frå det?

5 Han flytter fjell før dei veit av det,

velter dei i sin vreide.

6 Han rister jorda ut av lage,

søylene hennar skjelv.

7 Han byd sola at ho ikkje skal gå opp,

og set segl for stjernene.

8 Han åleine spente himmelen ut

og gjekk på havsens bølgjer.

9 Han skapte Bjørnen og Orion,

Sjustjerna og stjernebileta på sørhimmelen.

10 Han gjer storverk ingen kan granska,

og under ingen kan telja.


11 Han går forbi meg, eg ser det ikkje.

Han fer framom, eg merkar han ikkje.

12 Han riv bort, kven kan hindra han?

Kven kan seia til han: «Kva er det du gjer?»

13 Gud held ikkje att sin vreide,

sjølv Rahabs hjelparar må bøya seg for han.

14 Skulle vel eg kunna svara,

velja mine ord mot han?

15 Sjølv om eg hadde rett, kunne eg ikkje svara;

eg måtte be dommaren min om nåde.

16 Sjølv om eg utfordra og han måtte svara,

trur eg ikkje han ville ha lytta til meg,

17 han som knuser meg i stormen,

gjev meg sår på sår utan grunn,

18 nektar meg å dra pusten,

fyller meg med bitter smerte.

19 Gjeld det styrke, så har han den.

Gjeld det rett, kan han seia: «Kven stemner meg?»

20 Sjølv om eg har rett, erklærer min munn meg skuldig.

Er eg uskuldig, dømmer han meg som falsk.

21 Eg er uskuldig, men kjennest ikkje ved meg sjølv,

eg foraktar mitt eige liv.

22 Det går ut på eitt. Difor seier eg:

Uskuldig eller skuldig – han utslettar begge.

23 Han sender ein flaum av brå død,

spottar når uskuldige fortvilar.

24 Jorda er lagd i handa til den lovlause.

Han dekkjer auga til dei som feller dommar.

Om det ikkje er han, kven er det då?


25 Dagane mine går fortare enn nokon kan springa.

Dei flyg av stad utan glimt av glede.

26 Dei fer i veg som sivbåtar,

som ei ørn når ho stuper mot byttet.

27 Eg seier til meg sjølv: «Gløym klaga,

lyft hovudet og ver glad!»

28 Likevel fryktar eg smertene,

eg veit at du ikkje frikjenner meg.

29 Eg blir jo dømd skuldig,

kvifor då streva til inga nytte?

30 Om eg vaska meg i snøvatn

og reinsa hendene med lut,

31 kastar du meg i gjørmegrava

så kleda mine avskyr meg.

32 Ja, han er ikkje eit menneske som eg,

så eg kan gje han svar

og vi kan møtast i retten.

33 Det finst ingen dommar

som kan leggja handa på oss begge.

34 Heldt han kjeppen sin borte frå meg

så redslene hans ikkje skremde meg,

35 då kunne eg tala utan redsle.

No kan eg ikkje det.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.