Gå til forsiden

Jona

2

Herren bergar Jona frå djupet

1  Herren sende ein stor fisk for å sluka Jona, og Jona var i buken på fisken i tre dagar og tre netter. 2 Jona bad til Herren sin Gud frå buken på fisken. 3 Han sa:


Eg kalla på Herren i mi naud,

og han svara meg.

Eg ropa om hjelp frå djupaste dødsriket,

og du høyrde meg.

4 Du kasta meg i djupet

midt ute på havet,

straumen omgav meg.

Alle dine brot og bølgjer

slo over meg.

5 Eg tenkte:

Eg er driven bort frå dine auge.

Skal eg aldri meir få lyfta blikket

mot ditt heilage tempel?


6 Vatnet lukka seg om strupen,

djupet kringsette meg,

sivet vikla seg om hovudet.

7 Til foten av fjella sokk eg ned.

Bommane til portane på jord

slo att bak meg for alltid.

Men du, Herre, min Gud,

førte meg levande opp or grava.

8 Då livet mitt svann bort,

hugsa eg på Herren,

og bøna mi nådde til deg,

til ditt heilage tempel.


9 Dei som held seg til vind og fåfengd,

har svikta sin kjærleik.

10 Men eg vil ofra til deg med takkesong.

Det eg har lova, vil eg halda.

Frelsa kjem frå Herren.


11 Då tala Herren til fisken, og han spydde Jona opp på tørt land.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.