Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Josva

12

Kongane som israelittane vann over

1 Dette er kongane i landet som israelittane vann over, dei som rådde over landet som israelittane tok i eige på den andre sida av Jordan, på austsida, frå Arnon-elva til Hermon-fjellet, heile austsida av Araba-sletta: 2 amorittkongen Sihon, som budde i Hesjbon og rådde over området frå Aroer, som ligg ut mot Arnon-elva, området frå midt i dalen og over halve Gilead til Jabbok, elva som er grense mot ammonittane, 3 og over Jordan-dalen, opp til austsida av Kinneret-sjøen og ned til austsida av Araba-sjøen – som blir kalla Saltsjøen – bort imot Bet-Jesjimot, og sørover nedst i Pisga-skråningane. 4 Vidare området til Og, kongen i Basan, ein av dei som var att av refaittane. Han hadde sete i Asjtarot og Edre'i 5 og rådde over Hermon-fjellet, Salka og heile Basan, til grensa mot gesjurittane og maakatittane, og over halve Gilead, til grensa mot Sihon, kongen i Hesjbon. 6 Moses, Herrens tenar, og israelittane hadde vunne over desse kongane, og Moses, Herrens tenar, hadde gjeve landet i eige til rubenittane og gadittane og halvparten av stammen til Manasse.

7 Dette er kongane i landet som Josva og israelittane vann over på vestsida av Jordan. Landet frå Baal-Gad i Libanon-dalen til snaufjellet som stig opp mot Se'ir gav Josva Israel-stammane til eige. Kvar stamme fekk sin del, 8 i fjellandet, i låglandet og på Araba-sletta, i skråningane, i ørkenen og Negev, i landet til hetittane, amorittane, kanaanearane, perisittane, hevittane og jebusittane.

Kongane var: 9 kongen i Jeriko, éin, kongen i Ai ved Betel, éin, 10 kongen i Jerusalem, éin, kongen i Hebron, éin, 11 kongen i Jarmut, éin, kongen i Lakisj, éin, 12 kongen i Eglon, éin, kongen i Geser, éin, 13 kongen i Debir, éin, kongen i Geder, éin, 14 kongen i Horma, éin, kongen i Arad, éin, 15 kongen i Libna, éin, kongen i Adullam, éin, 16 kongen i Makkeda, éin, kongen i Betel, éin, 17 kongen i Tappuah, éin, kongen i Hefer, éin, 18 kongen i Afek, éin, kongen i Saron, éin, 19 kongen i Madon, éin, kongen i Hasor, éin, 20 kongen i Sjimron-Meron, éin, kongen i Aksjaf, éin, 21 kongen i Taanak, éin, kongen i Megiddo, éin, 22 kongen i Kedesj, éin, kongen i Jokneam ved Karmel, éin, 23 kongen i Dor på Dor-høgda, éin, kongen over folka i Galilea, éin, 24 kongen i Tirsa, éin, i alt trettiein kongar.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.