Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Josva

13

Land som endå ikkje var teke

1 Josva var no gammal og langt oppi åra. Herren sa til han: «Du er no gammal og langt oppi åra, men enno er det mykje land som står att å ta. 2 Dette er dei landområda som står att: alle landområda til filistrane og gesjurittane, 3 frå Sjihor ved Egypt til Ekrons grense i nord – dette blir rekna som kanaaneisk og høyrer til dei fem byhovdingane til filistrane i Gaza, Asjdod, Asjkalon, Gat og Ekron – dessutan landet til avittane 4 i sør, og heile kanaanearlandet og Meara, som høyrer til sidonarane, til Afek, til grensa mot landet til amorittane; 5 vidare landet til gebalittane og heile Libanon austover frå Baal-Gad ved foten av Hermon-fjellet til Lebo-Hamat. 6 For israelittane si skuld skal eg ta landet frå sidonarane, alle dei som bur i fjellandet frå Libanon til Misrefot-Majim. Lat Israel få landet i arv slik eg har bode deg. 7 No skal du fordela dette landet som arv til dei ni stammane og halve stammen til Manasse.»

Landet aust for Jordan

Den andre halvparten av stammen til Manasse, saman med 8 rubenittane og gadittane, hadde alt teke sin eigedom, det som Moses gav dei på austsida av Jordan. Dette hadde Moses, Herrens tenar, gjeve dei: 9 landet frå Aroer, som ligg ut mot Arnon-elva, byen midt i dalen og heile høgsletta frå Medeba til Dibon, 10 og alle byane som hadde tilhøyrt amorittkongen Sihon, som styrte i Hesjbon, heilt til grensa mot ammonittane; 11 og så Gilead, landet til gesjurittane og maakatittane, heile Hermon-fjellet og Basan like til Salka, 12 heile riket til Basan-kongen Og, som styrte i Asjtarot og Edre'i. Han var den siste som var att av refaittane. Moses hadde slege dei og teke landet deira. 13 Men israelittane tok ikkje landet frå gesjurittane og maakatittane. Dei bur midt i Israel den dag i dag. 14 Det var berre stammen til Levi Moses ikkje gav nokon eigedom. Gåveoffera til Herren, Israels Gud, er deira eigedom, slik som han hadde sagt dei.

15 Moses gav land til Ruben-stammen, slekt for slekt. 16 Dei fekk området frå Aroer, som ligg ut mot Arnon-elva, og byen midt i dalen, heile høgsletta til Medeba, 17 Hesjbon med alle byane på sletta: Dibon, Bamot-Baal, Bet-Baal-Meon, 18 Jahsa, Kedemot, Mefaat, 19 Kirjatajim, Sibma, Seret-Hasjahar på høgda i dalen, 20 Bet-Peor, Pisga-liene og Bet-Jesjimot, 21 og alle dei andre byane på høgsletta, heile det riket som høyrde til amorittkongen Sihon, han som styrte i Hesjbon. Moses hadde slege han og midjanittfyrstane Evi, Rekem, Sur, Hur og Reba, vasallfyrstar under Sihon, som hadde sete i landet. 22 Israelittane drap òg spåmannen Bileam, son til Beor, med sverd, saman med alle dei andre. 23 Jordan var grensa for området til rubenittane. Dette var eigedomen til rubenittane, slekt for slekt, med byar og landsbyar.

24 Moses gav land til Gad-stammen, altså gadittane, slekt for slekt. 25 Dei fekk området Jaser, alle byane i Gilead og halvparten av landet til ammonittane heilt til Aroer, som ligg midt imot Rabba, 26 området frå Hesjbon til Ramat-Hammispe og Betonim og frå Mahanajim til Debir-distriktet, 27 og i dalen fekk dei Bet-Haram, Bet-Nimra, Sukkot og Safon, det som var att av riket til Sihon, kongen i Hesjbon. Jordan utgjorde grensa, frå enden av Kinneret-sjøen, aust for Jordan. 28 Det var landet til gadittane, slekt for slekt, med byar og landsbyar.

29 Moses gav land til halvparten av stammen til Manasse, halve Manasse-stammen, slekt for slekt. 30 Området deira strekte seg frå Mahanajim og omfatta heile Basan, heile riket som hadde tilhøyrt Og, kongen i Basan, og alle teltbyane i Ja'ir i Basan, seksti byar i alt, 31 og halve Gilead og Asjtarot og Edre'i, kongsbyane til Og i Basan. Dette fekk etterkomarane til Makir, son til Manasse, halvparten av makirittane, slekt for slekt.

32 Dette var eigedomane Moses fordelte på slettene i Moab, på den andre sida av Jordan, aust for Jeriko. 33 Men Moses gav ingen eigedom til Levi-stammen. Herren, Israels Gud, er deira arv, slik som han hadde sagt dei.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.