Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Josva

16

Efraims land

1 Området til Josef-stammen strekte seg frå Jordan ved Jeriko, aust for Jeriko-kjelda, gjennom ørkenen som stig opp frå Jeriko, til fjellet ved Betel. 2 Frå Betel gjekk grensa til Lus og vidare gjennom området til arkittane, til Atarot. 3 Der tok ho vestover ned til området til jafletittane, heldt fram til Nedre Bet-Horon og Geser og enda utmed havet. 4 Slik fekk sønene til Josef, Manasse og Efraim, sine eigedomar.

5 Dette var området til Efraim-stammen, slekt for slekt: Grensa for landområdet deira i aust låg ved Atrot-Addar fram til øvre Bet-Horon, 6 og gjekk derifrå ut til havet. I nord gjekk grensa ved Mikmetat. Så svinga ho austover til Taanat-Sjilo og heldt fram mot aust til Janoah. 7 Frå Janoah gjekk ho ned til Atarot og Naara og like forbi Jeriko til Jordan. 8 Frå Tappuah gjekk grensa vestover til Kana-bekken og enda utmed havet. Dette var den delen av landet som Efraim-stammen fekk, slekt for slekt. 9 I tillegg kom alle byane og landsbyane der omkring som vart skilde ut for dei inne på landområdet til Manasse-stammen. 10 Men dei tok ikkje landet frå kanaanearane som budde i Geser. Det bur kanaanearar i Efraim den dag i dag, men dei må gjera tvangsarbeid.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.