Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Josva

23

Josva talar til folket

1 Lenge etter, då Herren hadde late Israel finna kvile og få fred for fiendane omkring seg, på den tida Josva var gammal og langt oppi åra, 2 hende det at Josva kalla heile Israel saman, dei eldste, hovdingane, dommarane og tilsynsmennene, og sa til dei:

Eg er gammal og langt oppi åra. 3 De har sjølve vore vitne til alt det Herren dykkar Gud har gjort mot desse folkeslaga for dykkar skuld. For Herren dykkar Gud har sjølv kjempa for dykk. 4 Sjå, eg har late stammane dykkar arva landet til dei folkeslaga som er att, og landet til alle folka som eg har utrydda, frå Jordan til Storhavet, der sola går ned. 5  Herren dykkar Gud vil sjølv driva folkeslaga ut føre dykk og ta landet frå dei, så de kan ta landet deira i eige, slik Herren dykkar Gud har lova dykk.

6 Lat dykk aldri rokka! Hald alt som står skrive i lovboka til Moses, og gjer etter det. Vik ikkje, korkje til høgre eller venstre! 7 Gjev dykk ikkje i lag med desse folka som enno er att hos dykk. Ta ikkje namnet til gudane deira på tunga! Sver ikkje ved dei, dyrk dei ikkje og bøy dykk ikkje og tilbed dei! 8 Men hald fast ved Herren dykkar Gud, som de har gjort til denne dag. 9 For dykkar skuld har Herren teke land frå store og mektige folkeslag, men mot dykk har ingen til denne dag kunna stå seg. 10 Ein einaste av dykk kunne jaga tusen på flukt. For Herren dykkar Gud stridde sjølv for dykk, som han hadde lova dykk.

11 Ta dykk no vel i vare, så de elskar Herren dykkar Gud. 12 For dersom de verkeleg skulle halda dykk til desse folkeslaga som er att hos dykk, knyta slektsband og blanda dykk med dei, og dei med dykk, 13 då skal de kjenna at Herren dykkar Gud ikkje lenger vil driva ut desse folkeslaga for dykkar skuld. Dei skal bli ei snare og ei felle for dykk, ein pisk over ryggen og tornar i auga, heilt til de blir utrydda frå dette gode landet som Herren dykkar Gud har gjeve dykk. 14 Sjå, eg skal gå den vegen som alt her på jorda må gå. Men de skal få røyna av heile dykkar hjarte og heile dykkar sjel at ingen av lovnadene som Herren gav dykk, slo feil. Alt har vorte oppfylt, ikkje eit ord slo feil. 15 Men liksom de har fått alt det gode Herren dykkar Gud lova dykk, skal Herren òg la alt det vonde han varsla, koma over dykk, heilt til han får utrydda dykk frå det gode landet som han gav dykk. 16 Dersom de bryt pakta som Herren dykkar Gud gjorde med dykk, og byrjar å dyrka andre gudar og bøyer dykk og tilbed dei, då vil Herrens vreide loga imot dykk, og de skal snart bli utrydda frå det gode landet han har gjeve dykk.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.