Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Josva

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24
Se film

Les mer om BibleProject.

Neste kapittel >

Josva blir leiar
1Då Moses, Herrens tenar, var død, sa Herren til medhjelparen hans, Josva, son til Nun:  2 «Moses, tenaren min, er død. Gjer deg no klar til å gå over Jordan, du og heile dette folket, inn i det landet som eg vil gje til dei, til israelittane.  3 Kvar stad de trør, gjev eg dykk, slik som eg lova Moses.  4 Området dykkar skal strekkja seg frå ørkenen og Libanon til den store elva Eufrat, heile hetittlandet, og heilt til Storhavet, der sola går ned.  5 Så lenge du lever, skal ingen kunna stå seg mot deg. Eg vil vera med deg slik eg var med Moses. Eg sviktar deg ikkje og går ikkje frå deg.  6 Ver modig og sterk! For du skal gjera dette folket til eigar av det landet som eg med eid lova fedrane deira å gje dei.  7 Ver berre modig og sterk, så du trufast følgjer heile den lova som Moses, tenaren min, baud deg å halda. Vik ikkje frå henne, verken til høgre eller venstre, så skal du ha framgang overalt der du går.  8 Denne lova skal du alltid ha på leppene dine. Les frå lovboka dag og natt, så du trufast følgjer alt som er skrive der. Då skal du ha framgang der du ferdast, og alt skal lukkast for deg.  9 Eg har då sagt deg: Ver modig og sterk! Lat deg ikkje skremma, og mist ikkje motet! For Herren din Gud er med deg overalt der du går.»
   
10 Då gav Josva tilsynsmennene i folket dette påbodet: 11 «Gå gjennom leiren og sei til folket: Gjer i stand forsyningar til reisa! For om tre dagar skal de gå over Jordan og ta det landet som Herren dykkar Gud gjev dykk i eige.»
   
12 Til rubenittane, gadittane og halve stammen til Manasse sa Josva: 13 «Kom i hug kva Moses, Herrens tenar, baud dykk då han sa: Herren dykkar Gud gjev dykk dette landet og lèt dykk finna kvile. 14 Kvinnene og borna og buskapen skal vera att i det landet Moses har gjeve dykk på austsida av Jordan. Men alle de modige krigarar skal kryssa Jordan fullt rusta og gå føre brørne dykkar og hjelpa dei. 15 Først når Herren lèt dei finna kvile slik som de, og dei har lagt under seg det landet som Herren dykkar Gud vil gje dei, kan de venda attende og ta dykkar eige land i eige, det som Moses, Herrens tenar, har gjeve dykk på austsida av Jordan, der sola står opp.»
   
16 Då svara dei Josva: «Alt det du har bode oss, skal vi gjera, og kvar du så sender oss, vil vi gå. 17 Slik vi lydde Moses, vil vi lyda deg. Måtte berre Herren din Gud vera med deg slik han var med Moses. 18 Kvar den som set seg opp mot deg og ikkje høyrer på det du seier, same kva du byd han, han skal døy. Ver berre modig og sterk!»
Neste kapittel >

09. juni 2023

Dagens bibelord

Markus 1,1–8

Les i nettbibelen

1Her begynner evangeliet om Jesus Kristus, Guds Sønn. 2Hos profeten Jesaja står det skrevet: Se, jeg sender min budbærer foran deg, han skal rydde veien for deg. 3En røst roper i ødemarken: Rydd Herrens vei, gjør hans stier rette! ... Vis hele teksten

1Her begynner evangeliet om Jesus Kristus, Guds Sønn. 2Hos profeten Jesaja står det skrevet: Se, jeg sender min budbærer foran deg, han skal rydde veien for deg. 3En røst roper i ødemarken: Rydd Herrens vei, gjør hans stier rette! 4Slik sto døperen Johannes fram i ødemarken og forkynte en omvendelsesdåp som ga tilgivelse for syndene. 5Fra hele Judea og Jerusalem dro alle ut til ham. De bekjente syndene sine og ble døpt av ham i Jordanelven. 6Johannes gikk kledd i en kappe av kamelhår og hadde et lærbelte om livet, og han levde av gresshopper og villhonning. 7Han forkynte: «Det kommer en etter meg som er sterkere enn jeg, og jeg er ikke verdig til å bøye meg ned og løse sandalremmen hans. 8Jeg har døpt dere med vann, men han skal døpe dere med Den hellige ånd.»

Dagens bibelord

Markus 1,1–8

Les i nettbibelen

1Her byrjar evangeliet om Jesus Kristus, Guds Son. 2Hos profeten Jesaja står det skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydda vegen for deg. 3Ei røyst ropar i øydemarka: Rydd Herrens veg, gjer stigane hans rette! ... Vis hele teksten

1Her byrjar evangeliet om Jesus Kristus, Guds Son. 2Hos profeten Jesaja står det skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydda vegen for deg. 3Ei røyst ropar i øydemarka: Rydd Herrens veg, gjer stigane hans rette! 4Slik stod døyparen Johannes fram i øydemarka. Han forkynte ein omvendingsdåp som gav tilgjeving for syndene. 5Frå heile Judea og Jerusalem drog alle ut til han. Dei sanna syndene sine og vart døypte av han i Jordanelva. 6Johannes gjekk i ei kappe av kamelhår og hadde eit lêrbelte om livet, og han levde av grashopper og villhonning. 7Han forkynte: «Det kjem ein etter meg som er sterkare enn eg, og eg er ikkje verdig til å bøya meg ned og løysa sandalreima hans. 8Eg har døypt dykk med vatn, men han skal døypa dykk med Den heilage ande.»

Dagens bibelord

Markus 1,1–8

Les i nettbibelen

1Ná álgá Jesus Kristusa, Ipmila Bártni, evangelium. 2Profehta Jesaja girjái lea čállojuvvon: Mun vuolggahan iežan áirasa du ovdal, son ráhkada dutnje geainnu. 3Jietna čuorvu meahcis: Ráhkadehket Hearrái geainnu, njulgejehket su bálgáid! ... Vis hele teksten

1Ná álgá Jesus Kristusa, Ipmila Bártni, evangelium. 2Profehta Jesaja girjái lea čállojuvvon: Mun vuolggahan iežan áirasa du ovdal, son ráhkada dutnje geainnu. 3Jietna čuorvu meahcis: Ráhkadehket Hearrái geainnu, njulgejehket su bálgáid! 4Johannes gásttašeaddji sárdnidii meahcis ahte olbmot galge dahkat jorgalusa ja gásttašuvvot suttuid ándagassii addojupmin 5Su lusa bohte ollu olbmot Jerusalemis ja miehtá Judea. Sii dovddastedje suttuideaset, ja Johannes gásttašii sin Jordaneanus. 6Johannesa gárvun lei kamelguolgabivttas ja alimiid birra náhkkeboagán, ja su borramuš lei rásselohkut ja meahccehonnet. 7Son sárdnidii: “Mu maŋŋil boahtá son guhte lea gievrrat go mun. Mun in leat dohkálaš čoavdit su gámagarccaidge. 8Mun lean gásttašan din čáziin, muhto son gásttaša din Bassi Vuoiŋŋain.”