Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Klagesongane

Andre song

Alef

2

א

1 I vreide dekkjer Herren

dotter Sion med mørke skyer!

Han har kasta Israels prydnad

frå himmelen ned på jorda.

Sin fotskammel kom han ikkje i hug

på sin vreidedag.


Bet

ב

2 Herren slukte beitemarkene i Jakob,

han sparte ingen av dei.

I sinne reiv han ned

kvar festning hos dotter Juda,

jamna dei med jorda,

vanæra riket og hovdingane.


Gimel

ג

3 I brennande vreide hogg han av

kvart horn i Israel.

Han heldt høgre handa tilbake

då fienden kom.

I Jakob brann han som ein flammande eld

som øydde alt omkring seg.


Dalet

ד

4 Som fienden spente han bogen,

stod klar med si høgre hand,

som motstandaren drap han

alt som gav auget glede.

Han auste harme ut som eld

over teltet til dotter Sion.


He

ה

5 Herren vart ein fiende.

Han slukte Israel,

slukte alle borgene,

gjorde ende på festningane

og dunga dotter Juda ned

med sorg og sut.


Waw

ו

6 Han raserte si hytte

som ein snøyer ein hage,

gjorde ende på høgtidsstaden.

Herren lèt høgtid og sabbat bli gløymde i Sion.

I harme og vreide har han

forakta konge og prest.


Zajin

ז

7 Herren støytte sitt altar bort,

vraka sin heilagdom.

Borgmurane i byen

gav han i fiendens hender.

Dei ropa høgt i Herrens hus

som på ein høgtidsdag.


Het

ח

8  Herren sette seg føre

å øydeleggja muren rundt dotter Sion.

Han strekte målesnora og reiv ned,

lét ikkje handa liggja.

Slik lét han voll og mur sørgja.

Begge fall.


Tet

ט

9 Portane har sokke i jorda.

Bommane har han brote sund.

Konge og stormenn er i framandt land.

Det finst inga lov,

sjølv ikkje profetane

får syn frå Herren.


Jod

י

10 Dei eldste i Sion

sit tause på jorda.

Dei har kasta støv på hovudet,

kledd seg i sekkestrie.

Jentene i Jerusalem

bøyer hovudet mot jorda.


Kaf

כ

11 Auga er såre av gråt,

magen er uroleg,

gallen er helt ut på jorda.

Folket, mi dotter, er knust,

småborn og spedborn forgår

på gatene i byen.


Lamed

ל

12 Dei spør mødrene sine:

«Kvar er brød og vin?»

Dei sig om som var dei såra

på gatene i byen,

livet ebbar ut

på mors fang.


Mem

מ

13 Kva skal eg seia til deg,

kva liknar du, dotter Jerusalem?

Kva skal eg likna deg med, dotter Sion,

for å trøysta deg, unge jente?

Skaden din er stor som havet,

kven kan lækja deg?


Nun

נ

14 Det profetane dine såg,

var berre løgn og blendverk.

Dei viste deg ikkje di skuld,

vende ikkje din lagnad.

Bodskapen deira kom frå

falske, forførande syn.


Samek

ס

15 Alle som går forbi deg,

slår hendene saman,

dei plystrar og rister på hovudet

av dotter Jerusalem.

Var det om denne byen folk sa:

Fullkomen i venleik, ei glede for heile jorda?


Pe

פ

16 Alle fiendar

gapar mot deg.

Dei plystrar hånleg og skjer tenner.

Dei seier: Vi har slukt henne.

Dette er dagen vi venta på;

endeleg fekk vi sjå han!


Ajin

ע

17  Herren har gjort som han tenkte,

han har oppfylt ordet sitt,

det han har kunngjort frå gammal tid.

Han reiv ned utan skånsel,

lét din motstandar gleda seg

og lyfte hornet til fienden.


Tsade

צ

18 Hjartet ropar til Herren.

Lat tårene renna som bekker,

du mur rundt dotter Sion,

både dag og natt!

Unn deg ikkje kvile,

lat ikkje auget få ro!


Qof

ק

19 Stå opp, rop høgt om natta,

rop ved kvar nattevakt.

Aus hjartet ditt ut som vatn

for Herrens andlet.

Lyft hendene til han

for livet til småborna dine,

som forgår av svolt

på alle gatehjørne.


Resj

ר

20 Sjå, Herre,

sjå kven du har gjort dette med!

Skal kvinner eta borna sine,

småborna dei ber på armen?

Skal prest og profet bli drepne

i Herrens heilagdom?


Sjin

ש

21 Unge og gamle ligg

på bakken ute i gatene.

Mine unge jenter og gutar

har falle for sverd.

Du drap dei på din vreidedag,

du slakta utan skånsel.


Taw

ת

22 Slik du samlar folket ein høgtidsdag,

kalla du saman redsler frå alle kantar.

Ingen slapp unna, ingen overlevde

Herrens vreidedag.

Dei eg hadde bore og fostra,

gjorde fienden ende på.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.