Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Tredje Mosebok

15

Kjønnsleg ureinskap

1  Herren sa til Moses og Aron: 2 Tal til israelittane og sei til dei: Når ein mann har utflod frå kroppen, er utfloda urein. 3 På grunn av utfloda hans skal dette reknast som ureinskap: Anten utfloda renn frå kjønnslemen hans eller lemen er tetna til av utfloda, så er dette ureinskap. 4 Alt han ligg på og alt han sit på, blir ureint. 5 Den som kjem nær senga hans, skal vaska kleda sine og bada; han er urein heilt til kvelds. 6 Den som set seg på noko han har sete på, skal vaska kleda sine og bada; han er urein heilt til kvelds. 7 Den som kjem nær kroppen til den som har utflod, skal vaska kleda sine og bada; han er urein heilt til kvelds. 8 Dersom den som har utflod, spyttar på ein som er rein, skal den han spytta på, vaska kleda sine og bada; han er urein heilt til kvelds. 9 Kvar ridesal som den som har utflod, sit på, blir urein. 10 Den som kjem nær noko av det han har under seg, er urein heilt til kvelds. Og den som ber det bort, skal vaska kleda sine og bada; han er urein heilt til kvelds. 11 Kjem den som har utflod, nær nokon utan at han først har skylt hendene sine i vatn, skal den han har teke på, vaska kleda sine og bada; han er urein heilt til kvelds. 12 Kjem den som har utflod, nær eit leirfat, skal det knusast. Er det eit trefat, skal det skyljast i vatn.

13 Når den som har utflod, er vorten rein etter utfloda, skal han telja sju dagar fram frå den tid han vart rein. Då skal han vaska kleda sine og kroppen i friskt vatn. Så er han rein. 14 Den åttande dagen skal han ta to turtelduer eller to dueungar og gå fram for Herrens andlet, til inngangen til teltheilagdomen, og gje dei til presten. 15 Og presten skal ofra dei, den eine som syndoffer og den andre som brennoffer. Såleis skal presten gjera soning for han for Herrens andlet etter utfloda.

16 Når ein mann får sædavgang, skal han vaska heile kroppen sin i vatn; han er urein heilt til kvelds. 17 Kvart klesplagg eller skinnplagg som det kjem sæd på, skal vaskast; det er ureint heilt til kvelds. 18 Og når ein mann ligg med ei kvinne og det går sæd frå han, skal begge vaska seg i vatn; dei er ureine heilt til kvelds.

19 Når ei kvinne har utflod og utfloda er blod frå kroppen hennar, er ho urein i sju dagar. Den som kjem nær henne, er urein heilt til kvelds. 20 Alt det ho ligg på medan ho har menstruasjon, blir ureint, og alt det ho sit på, blir ureint. 21 Den som kjem nær senga hennar, skal vaska kleda sine og bada; han er urein heilt til kvelds. 22 Og den som kjem nær noko ho har sete på, skal vaska kleda sine og bada; han er urein heilt til kvelds. 23 Ligg det eit eller anna der ho har lege eller sete, og nokon kjem nær det, er han urein heilt til kvelds. 24 Skulle no ein mann liggja med henne, blir han urein av menstruasjonen hennar i sju dagar. Alt det han ligg på, blir ureint.

25 Når ei kvinne har utflod slik at ho blør i mange dagar utan at det er tida for menstruasjonen hennar, eller menstruasjonen varer i lengre tid enn normalt, då er ho urein så lenge ho har utflod. Ho skal vera urein som ved menstruasjon. 26 Alt det ho ligg på medan utfloda varer, blir som det ho ligg på når ho har menstruasjon. Og alt det ho sit på, blir ureint, som ureinskapen ved menstruasjon. 27 Den som kjem nær det, blir urein. Han skal vaska kleda sine og bada; han er urein heilt til kvelds. 28 Når ho blir rein etter utfloda, skal ho telja sju dagar fram. Då er ho rein. 29 Den åttande dagen skal ho ta to turtelduer eller to dueungar og koma til presten med dei, til inngangen til teltheilagdomen. 30 Og presten skal ofra dei, den eine som syndoffer og den andre som brennoffer. Såleis skal presten gjera soning for henne for Herrens andlet etter den ureine utfloda.

31 De skal fria israelittane for ureinskapen deira, så dei ikkje skal gjera bustaden min urein, den som står midt imellom dei, og døy i ureinskapen sin.

32 Dette er lova om menn som har utflod og om dei som har sædavgang så dei blir ureine, 33 om kvinner som har menstruasjon, om den som har utflod, anten det er mann eller kvinne, og om menn som ligg med ureine kvinner.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.