Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Tredje Mosebok

19

Heilagdomsreglar for israelittane

1  Herren sa til Moses: 2 Tal til heile Israels forsamling og sei til dei: De skal vera heilage, for eg, Herren dykkar Gud, er heilag.

3 Kvar og ein skal ha age for mor si og far sin, og de skal halda sabbatane mine. Eg er Herren dykkar Gud. 4 De skal ikkje venda dykk til avgudane og ikkje laga dykk støypte gudebilete. Eg er Herren dykkar Gud.

5 Når de vil ofra eit fredsoffer for Herren, skal de ofra slik at de kan vinna velvilje. 6 Kjøtet skal etast same dagen som de ofrar, eller dagen etter. Det som er att til tredje dagen, skal brennast. 7 Det må ikkje etast av offeret den tredje dagen. Då er det ureint og kan ikkje gje velvilje. 8 Den som et det, fører skuld over seg, for han har vanhelga det som var heilagt for Herren. Han skal støytast ut frå folket sitt.

9 Når de haustar inn korn i landet, skal du ikkje skjera kornet heilt ut til åkerkanten, og dei aksa som ligg att når du har hausta, skal du ikkje sanka saman. 10 På vinmarka skal du ikkje sanka dei druene som heng att, eller plukka dei som er neddotne. Du skal la dei vera att til dei fattige og innflyttarane. Eg er Herren dykkar Gud.

11 De skal ikkje stela, og de skal ikkje lyga, og de skal ikkje fara med svik mot landsmenn.

12 De skal ikkje sverja falskt ved namnet mitt; for då vanhelgar du namnet til din Gud. Eg er Herren.

13 Du skal ikkje undertrykkja nesten din eller røva noko frå han. Du skal ikkje la løna til ein dagarbeidar liggja natta over hos deg.

14 Du skal ikkje forbanna den som er døv, og ikkje leggja ein snublestein i vegen for den som er blind. Du skal frykta din Gud. Eg er Herren.

15 De skal ikkje gjera urett når de dømmer. Du skal ikkje halda med den svake parten og ikkje ta parti for den mektige. Du skal dømma landsmannen din rettferdig.

16 Du skal ikkje gå omkring og baktala ditt eige folk. Du skal ikkje stå nesten din etter livet. Eg er Herren. 17 Du skal ikkje bera hat til bror din i hjartet, men du skal tala landsmannen din til rette, så du ikkje fører synd over deg for hans skuld. 18 Du skal ikkje ta hemn og ikkje bera agg til landsmennene dine, men du skal elska nesten din som deg sjølv. Eg er Herren.

19 De skal halda forskriftene mine: Du skal ikkje la to husdyr av ulikt slag para seg. Du skal ikkje så to ulike slag i åkeren din. Klede som er vovne av to ulike slag tråd, skal du ikkje ha på deg.

20 Det kan henda at ein mann har samleie med ei kvinne. Ho er ei slavekvinne som er lova bort til ein annan mann, men er enno ikkje frikjøpt eller frigjeven. Då skal det straffast. Dei skal ikkje døy, for ho er ikkje fri, 21 men han skal koma med eit skuldoffer til Herren, ein vêr, til inngangen til teltheilagdomen. 22 Med skuldoffervêren skal presten for Herrens andlet gjera soning for han og for den synda han har gjort. Så får han tilgjeving for synda han har gjort.

23 Når de kjem inn i landet og plantar allslags tre til å eta av, skal de halda den første frukta dei ber, for urein. I tre år skal frukta vera urein for dykk og ikkje etast. 24 Det fjerde året skal all frukt helgast til Herren på ei gledehøgtid. 25 Først i det femte året kan de eta frukta. Såleis får de større avling. Eg er Herren dykkar Gud.

26 De skal ikkje eta noko med blodet i.

De skal ikkje driva med spådomskunster og teikntyding. 27 De skal ikkje runda av håret på sidene og raka skjegget i kantane.

28 De skal ikkje rispa dykk opp på kroppen i sorg over ein som er død, og ikkje brenna inn skriftteikn på dykk. Eg er Herren.

29 Du skal ikkje vanhelga dotter di ved å la henne prostituera seg, slik at landet driv hor og blir fullt av skamløyse.

30 De skal halda sabbatane mine og ha age for heilagdomen min. Eg er Herren.

31 De skal ikkje venda dykk til gjenferd og ikkje søkja til spådomsånder så de blir ureine ved dei. Eg er Herren dykkar Gud.

32 Du skal reisa deg for dei grå hår og visa dei gamle ære. Du skal frykta din Gud. Eg er Herren.

33 Når ein innflyttar bur i landet hos dykk, skal de ikkje gjera urett mot han. 34 Innflyttaren som bur hos dykk, skal vera som ein av dykkar eigne landsmenn. Du skal elska han som deg sjølv. For de har sjølve vore innflyttarar i Egypt. Eg er Herren dykkar Gud.

35 De skal ikkje gjera urett mot nokon når de dømmer, når de bruker lengdemål, vekt eller holmål. 36 Rett vekt og rette lodd, rett efa og rett hin skal de bruka. Eg er Herren dykkar Gud, som førte dykk ut frå Egypt.

37 De skal halda alle forskriftene og lovene mine og leva etter dei! Eg er Herren.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.