Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Tredje Mosebok

27

Innløysing av heilage gåver

1  Herren sa til Moses: 2 Tal til israelittane og sei til dei: Når nokon vil oppfylla ein lovnad som gjeld menneske vigde til Herren, skal løysesummen fastsetjast slik: 3 Ein mann som er mellom tjue og seksti år, skal ha ein verdi på femti sjekel sølv etter den vekt dei nyttar i heilagdomen. 4 Er det ei kvinne, skal ho ha ein verdi på tretti sjekel. 5 Er det eit menneske som er mellom fem og tjue år, skal verdien av ein gut vera tjue sjekel og av ei jente ti sjekel. 6 Er det eit barn mellom ein månad og fem år, skal verdien av ein gut vera fem sjekel sølv og av ei jente tre sjekel sølv. 7 Er det eit menneske på seksti år eller meir, skal verdien av ein mann vera femten sjekel og av ei kvinne ti sjekel. 8 Er nokon så fattig at han ikkje kan betala desse pengane, skal dei koma til presten med han, og presten skal setja verdien på han. Presten skal setja verdien etter det han som gav lovnaden, har råd til.

9 Gjeld lovnaden slike dyr som kan ofrast til Herren, skal alt det ein gjev av dei, vera heilagt. 10 Ein må ikkje erstatta det eller byta det ut med eit anna dyr, korkje eit godt med eit ringt eller eit ringt med eit godt. Skulle ein likevel byta eit dyr i eit anna, skal både dyret som blir bytt ut, og det andre reknast for heilage. 11 Gjeld lovnaden eit ureint dyr, eit av dei som ikkje kan ofrast til Herren, skal det leiast fram for presten. 12 Og presten skal verdsetja det etter som det er, godt eller ringt. Den verdien som presten fastset, skal det ha. 13 Men skulle eigaren ønskja å løysa det inn, skal han leggja ein femtedel til verdien.

14 Når nokon vier huset sitt som ein heilagdom til Herren, skal presten fastsetja verdien, anten det er godt eller dårleg. Den verdien som presten fastset, skal gjelda. 15 Vil den som har helga huset sitt, løysa det inn, skal han betala ein femtedel meir enn det er verdsett til. Då blir det hans.

16 Når nokon helgar eit stykke av odelsjorda si til Herren, skal verdien fastsetjast etter mengda av såkorn: Til ein homer bygg svarar femti sjekel sølv. 17 Helgar han jorda heilt frå frigjevingsåret, skal den fastsette verdien gjelda fullt ut. 18 Men er det etter frigjevingsåret han helgar jorda, skal presten rekna ut verdien etter dei åra som er att til komande frigjevingsår, og prisen skal setjast tilsvarande ned. 19 Men skulle den som har helga eit stykke jord, ønskja å løysa det inn, skal han leggja ein femtedel til verdien. Då er det hans for godt. 20 Men løyser han ikkje inn jordstykket, eller sel han det til ein annan, kan det ikkje løysast meir. 21 Når det blir fritt i frigjevingsåret, skal det vera vigd til Herren, på same måten som bannlyst jord. Presten skal få det i eige.

22 Når nokon helgar til Herren eit kjøpt jordstykke som ikkje har høyrt odelsjorda hans til, 23 skal presten rekna ut verdien etter den tida som er att til komande frigjevingsår, og mannen skal betala pengane same dagen. Dei skal vera vigde til Herren. 24 I frigjevingsåret fell jorda tilbake til seljaren, han som har odelsretten. 25 All fastsetjing av verdi skal vera i den vekta dei nyttar i heilagdomen, der ein sjekel er tjue gera.

26 Det som er førstefødd i buskapen, må ingen helga. Fordi det er førstefødd, høyrer det Herren til. Anten det er storfe eller småfe, høyrer det Herren til. 27 Er det ureine dyr, skal ein løysa dei inn etter verdien og leggja til ein femtedel. Blir dei ikkje innløyste, skal dei seljast for verdien. 28 Når ein mann vier noko av alt det han eig, til Herren som bannlyst gods, anten det er folk eller fe eller odelsjord, då må det ikkje seljast og ikkje løysast. Alt bannlyst er høgheilagt og høyrer Herren til. 29 Eit menneske som er bannlyst, kan ikkje løysast. Det skal døy.

30 All tiend i landet, både av grøda på marka og av frukta på trea, høyrer Herren til. Ho er vigd til Herren. 31 Men skulle nokon ønskja å løysa inn noko av tienda, skal han leggja til ein femtedel. 32 All tiend av storfe og småfe, av alt som går under gjetarstav, kvart tiande dyr, skal vera vigd til Herren. 33 Ein skal ikkje sjå etter om det er godt eller ringt, og ikkje byta det. Men skulle det likevel bli bytt i eit anna, skal både dyret som blir bytt ut, og det andre vera heilage. Dei kan ikkje løysast.

34 Dette er boda til israelittane som Herren gav Moses på Sinai-fjellet.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.