Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Tredje Mosebok

7

Andre offerlover

1 Dette er lova om skuldofferet, høgheilagt er det: 2 På same staden som dei slaktar brennofferdyret, skal dei slakta skuldofferdyret. Blodet skal presten stenka rundt om på altaret, 3 og alt feittet skal han ofra: feitthalen, feittet som dekkjer innvolane, 4 begge nyrene med feittet som er på dei innmed hoftemusklane, og leverlappen, som han skal ta ut saman med nyrene. 5 Presten skal la det gå opp i røyk på altaret som gåveoffer til Herren. Dette er skuldofferet. 6 Alle menn som er prestar, kan eta av det. På ein heilag stad skal det etast. Høgheilagt er det.

7 Med skuldofferet skal det vera som med syndofferet; same lova gjeld for dei begge. Det skal høyra til den presten som gjer soning med det. 8 Og den presten som ber fram eit brennoffer for nokon, skal få skinnet av offerdyret som han har bore fram. 9 Kvart grødeoffer som blir baka i omn, kokt i gryte eller steikt på helle, skal høyra til den presten som ber dei fram. 10 Men alle andre grødeoffer, anten dei er blanda med olje eller er tørre, skal høyra Arons søner til, den eine like mykje som den andre.

11 Dette er lova om fredsofferet som ein ofrar til Herren:

12 Dersom nokon ber det fram som takkoffer, skal han saman med takkofferet bera fram runde usyra kaker med olje i, usyra flate brød, smurde med olje, og fint mjøl som er blanda med olje og knadd til kaker. 13 I tillegg til kakene skal han bera fram syra brød som offeret sitt saman med takkofferet og fredsofferet. 14 Av offera skal han gje eitt av kvart slag i gåve til Herren. Det skal høyra til den presten som stenkar blodet av fredsofferet på altaret. 15 Kjøtet av eit fredsoffer som er takkoffer, skal etast same dagen som det blir frambore. Ikkje noko av det må bli liggjande til neste morgon.

16 Dersom slaktofferet hans er eit lovnadsoffer eller eit frivillig offer, skal det etast same dagen som det blir frambore. Men det som blir att, kan etast dagen etter. 17 Dersom det enno er noko att av offerkjøtet tredje dagen, skal det brennast opp. 18 Men dersom nokon likevel et av fredsofferkjøtet tredje dagen, vil ikkje Gud ha glede i han som har ofra det, og det blir ikkje tilrekna han. Det er ureint, og den som et av det, fører skuld over seg.

19 Offerkjøt som rører ved noko ureint, må ikkje etast. Det skal brennast opp. Når det gjeld anna kjøt, kan alle som er reine, eta slikt kjøt. 20 Men ein person som et kjøt av Herrens fredsoffer med ureinskap på seg, skal støytast ut frå folket sitt. 21 Når ein person rører ved noko ureint, anten det er ureinskap på eit menneske eller det er eit ureint dyr eller noko anna ureint og motbydeleg, og han så et kjøt av Herrens fredsoffer, då skal han støytast ut frå folket sitt.

22  Herren sa til Moses: 23 Sei til israelittane:

De skal ikkje eta feitt, anten det er av okse, sau eller geit. 24 Feittet av sjølvdaude og ihelrivne dyr kan brukast til kva som helst, men de må aldri eta det. 25 For kvar den som et feittet av dyr som det blir ofra gåveoffer av til Herren, skal støytast ut frå folket sitt. 26 Blod må de ikkje eta, anten det er av fugl eller fe, kvar de så bur. 27 Kvar den som et noko slag blod, skal støytast ut frå folket sitt.

28  Herren sa til Moses: 29 Sei til israelittane:

Den som vil bera fram eit fredsoffer for Herren, skal koma med det offeret han vil gje Herren av fredsofferet sitt. 30 Med eigne hender skal han koma med det som eit Herrens gåveoffer. Han skal koma med både feittet og bryststykket, og bryststykket skal svingast som eit svingeoffer for Herrens andlet. 31 Presten skal la feittet på altaret gå opp i røyk. Men bryststykket skal Aron og sønene hans ha. 32 Det høgre låret skal de gje presten i gåve av fredsoffera dykkar. 33 Den av Arons søner som ber fram blodet og feittet av fredsofferet, skal ha det høgre låret; det er hans del. 34 For brystet som blir svinga, og låret som blir gjeve i gåve, tek eg imot av israelittane når dei ber fram fredsoffera sine. Eg gjev dei til Aron, presten, og sønene hans. Dette er ei evig forskrift for israelittane.

35 Dette er den delen Aron og sønene hans skal ha av Herrens gåveoffer den dagen dei blir førte fram og skal gjera presteteneste for Herren. 36 Det påla Herren israelittane å gje dei den dagen dei blir salva. Dette er ei evig forskrift for dei gjennom alle slekter.

37 Dette er lova om brennofferet, grødeofferet, syndofferet, skuldofferet, vigslingsofferet og fredsofferet, 38 som Herren gav Moses på Sinai-fjellet den dagen han påla israelittane at dei skulle bera fram offera sine for Herren i Sinai-øydemarka.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.